Universell førebygging av fråvær betyr tiltak vi gjer for alle elevar. Dette vil i hovudsak handle om tiltak på skulenivå.

Aktuelle tiltak:

  1. Godt psykososialt arbeidsmiljø på skulen. Her inngår arbeid for god trivsel, godt sosialt samspel, gode forhold for læring, og mot mobbing. Ein finn meir om dette t.d. på UDIR sine sider.
  2. Informasjon til alle føresette om tidlege teikn på fråværsmønster, grenser for urovekkjande fråvær osb.
    -Informasjon på foreldremøte
    -Tema på utviklingssamtalar
  3. Oversikt:
    Kontaktlærar har til ei kva tid ansvar for å ha oversikt over både omfang av, og årsak til fråværet for alle sine elevar.
    Faglærarar har ansvar for å føre alt fråvær i sine timar.
  4. Visma sender automatisk melding til kontaktlærar, sosiallærar og leiinga når ein elev har:
    6 dagar fråvær per semester (dokumentert og udokumentert)
    2 einskildtimar udokumentert fråvær pr semester
    Kontaktlærar vidaresender denne meldinga til sosiallærar og leiinga, og skriv anten:
    Fråværet er forklarleg og under kontroll
    eller:
    Det er trong for tiltak/drøfting.
  5. Ansvar:
    Kontaktlærar har til ei kvar tid ansvar for å ha oversikt over både omfang av, og årsak til, fråværet for alle sine elevar.
    Kontaktlærar har ansvar for å varsle leiinga tidleg om fråvær som gjev grunn til uro.
    Sosiallærar og/eller leiinga har ansvar for å ta ut fråværsrapportar frå Visma 4 gonger per år.
    Tekst i figru: Skulen skal ha samla oversikt over tiltak retta mot einskildelevar.
    Leiinga har ansvar for at trinna/teama jamleg drøftar urovekkjande fråvær, dette skal gå fram av skulen sine møteplanar. 
  6. Aktuelle støttespelarar:
    a.PPT kan bidra som prosessvegleiar i pedagogisk analyse.
    b.Skulehelsetenesta føl opp elevar i tråd med «Nasjonal fagleg retningslinje». 
    c.Ungdomsteamet bidreg med «Ung i Kvinnherad» på 7. trinn.
    d.Fleire ulike instansar bidreg til veke 6.
    e.Utekontaktar, ungdomslos og helsesjukepleiar kan, ev. i samarbeid med andre i eining barn og familie, tilby generell informasjon om mobbing, psykisk helse og konfliktløysing. Dei kan og delta i skulen med gruppetilbod der skulen finn det tenleg, t.d. ved eit utfordrande klassemiljø.