Kvinnherad ungdomssenter
Kvinnherad Ungdomssenter vert til dagleg kalla US mellom ungdomane, og held til i første etasje på Kulturhuset Husnes. Inngong er på nedsida av Kulturhuset mot Opsangervatnet. US er ein rusfri samlingsplass for ungdom fra 8-klasse til 18 år (20), med aktiviteter som biljard, bordtennis, musikkverkstad, hobbyrom, jenterom, kjøkken og eigen båt til bruk i Opsangervatnet. Ungdomssenteret har vore i drift sidan 1991, og alle tilbod er gratis. Ungdomssenteret har for tida 2-300 brukarar frå heile kommunen. Til dagleg er det vanligvis mellom 20 og 70 ungdomar, på fredagane betydleg meir. Utekontaktane har vanligvis ope sammen med US på mandagane og fredagane. Kvinnherad Ungdomssenter er på facebook .
Ope:
Mandag, onsdag, fredag og søndag frå kl 18.00 - 22.30.
(Om sommaren er det stengt på søndagane)
Kontakt
Geir Remme
Tlf. 901 60 615
Rita Johansen
Tlf. 970 08 386
Rosendal ungdomssenter
Rosendal ungdomsklubb vert til dagleg kalla UK mellom ungdomane, men er og kjent under navnet Exit. Ungdomsklubben har vore i drift sidan 1998, og er eit gratis tilbod for ungdom frå 8-klasse og oppover. UK held til i første etasje, under tannlegekontoret, i krysset som går opp til Baroniet og Kvinnherad Kyrkje. Rosendal Ungdomsklubb har for tida 50-60 brukarar, hovedsakleg frå Rosendal og bygdene rundt. På klubbkveldane ligg antall brukara vanlegvis mellom 20 og 30 ungdomar. Populære aktiviteter er bordtennis, biljard, data og Dj-boksen.
Ope:
Onsdag frå kl 18.00 - 22.30.
(Om sommaren er det stengt)
Kontakt
Kelly Garbini
Tlf. 941 53 311