Om barnehagen

Undarheim barnehage er ein 5-avdelings barnehage som ligg sentralt på Husnes. Vi ligg fint til nær skular, Opsangervatnet og Kaldestadåsen. Gjennom å nytte nærmiljøet vårt, legg vi til rette for innhaldsrike felles opplevingar. Vi søkjer midlar til symjeopplæring årleg, og har dei siste åra gitt skulekameratane eit tilbod i varmebassenget.

Barnehagen har 5 avdelingar, og kan tilby opptil 96 plassar.  
2 avdelingar for 1-2 år  
2 avdelingar for 2-4 år  
1 avdeling for 4-5 år.   

Med visjonen vår "Saman i leik og undring" ynskjer vi at alle born skal oppleva å vera ein del av fellesskapet i barnehagen, samstundes som kvar og ein får kjenna glede av å meistra og tileigna seg ny kunnskap gjennom leik og undring.  

Undarheim barnehage skal vera ein inkluderande arena. Hjå oss skal barna  byggja venskap, og møte varme grensesetjande personale som byr på seg sjølve. Gjennom satsingsområdet vårt “Inkluderande praksis” har vi fokus på at barn skal oppleva livsmeistring og livsglede i kvardagen, samt førebyggjande arbeid for å fremja god fysisk og psykisk helse. Vi vektlegg særleg friluftsliv i kvardagen, der vi tilbyr barna varierte erfaringar og innhaldsrike turar. Barnehagen vil dette året særleg styrka sin kompetanse på leik med musikk, drama og realfag.

Opningstider: 06.30 - 16.30

Råd og utval

SU 2023- 2024
Ingvild Johannes E. Jensen (FAU-leiar) 

Hanne Kristensen (politikar), vara: Julie Holmedal Askeland
Silje Øye (tilsett) 

Åsta Johnsen (styrar)

FAU 2023 - 2024
Ingvild Johanne E. Jensen, leiar 
Hege D. Lilleaas, kasserar 
Maria Santiago, sekretær  
Ellen Teigen 
Camilla M. Benjaminsen 
Kjersti Krossnes, vararepresentant 
Mona Grønningen, vararepresentant 
Sandra Kvant, vararepresentant