Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Tusen takk!

Publisert , Oppdatert 13. november 2020

Den første av desse to vekene, der også vi i Kvinnherad har måtta følgja strengare nasjonale tiltak grunna auka smittetrykk, er snart ved endes. Vi har 0 smittetilfelle i kommunen vår dei siste tre dagane.

Vi ynskjer å retta ei stor takk til alle innbyggjarane våre for den innsatsen de legg ned for å halda det låge smittetalet nede. Det må eit kollektivt løft til for å lukkast, og vi er på god veg! Vi opprettheld dei nasjonale føringane om å vera mest mogleg heime, og kjem med ei generell oppmoding om at vi vaksne reduserer all kollektiv aktivitet og idrett i alle fall ei veke til. Det er også viktig for oss å framheva at borna framleis må få høve til å halda fram med sine faste aktivitetar.

Så håpar vi desse tiltaka fører til at samfunnet vårt kan opna opp meir etter desse to vekene. Takk for at DU tek ansvar.

God helg!