Kommunen har ein god og stabil legedekning. I tillegg til kommunelege I er det 14 legar i kurativ teneste, alle med private avtaleheimlar. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga er fordelt slik at dei fleste legane har 20 % av arbeidsveka avsett til offentlege allmennlegetenester. Kommuneoverlege i 40 % stilling.

Kvinnherad kommune har bemanna LV-kontor på Husnes, lokalisert mellom Husnes helsesenter og ambulansestasjonen på Husnes. LV-kontoret er bemanna med sjukepleiar vekedagar kl 16.45 - 22.00, laurdag kl 10.00 – 18.00 og søndag kl 11.00 – 20.00. Vaktordninga har vore stabil og 10-/12-delt dei siste åra. Legevakt dekkjer kring 12 000 av innbyggjarane. Kvinnherad kommune kjøper legevakttenester frå Tysnes kommune til dei om lag 1000 innbyggjarane i Ølve-/Hatlestrand-området.

Kvinnherad kommune er ein vidstrakt kommune og er knytt til Helse Fonna sitt ansvarsområde, turnuslegepraksis til Stord sjukehus. Legane er fordelt i fire geografiske soner, med eit helsesenter i kvar sone. Turnuspraksis i allmennmedisin vert for tida tilbode ved Rosendal helsesenter. Her er fem fastlegar samlokalisert; tre mannlege og to kvinnelege legar, hjelpepersonale i totalt 3,5 stilling; ein bioingeniør, to sjukepleiarar og ein helsesekretær.

Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett, har innført E-resept og nyttar Nissy ved bestilling av drosje/transport av pasientar.

Søknad kan sendast via Helsedirektoratet sin webbaserte søknadsportal: http://www.helsedirektoratet.no/helsepersonell/turnusordning-for-leger/Sider/default.aspx

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få hos kommuneoverlege Glenn André Opland, eller einingsleiar Irina Zimina.