Målgruppa til Tiltak og ressurs er foreldre, barn og unge som står i ei krevjande livssituasjon, og som ynskjer støtte, råd og rettleiing. Vegen til hjelp frå oss skal vere kort.
Tiltak og ressurs er ein avdeling sett saman av fire team som yt både umiddelbar hjelp og vedtaksfesta hjelp etter gjeldande lovheimlar.
Familieteamet
Foreldre kan ta kontakt med oss direkte når dei treng verktøy for å forstå og handtere barns følelsar og åtferd. Vi snakkar ofte med foreldre som er slitne og føler at barnet og dei sjølv er i eit mønster de ikkje klarar kome ut av. Terapeut hjå oss og familien kjem fram til ei felles forståing av situasjonen og finn gode løysingar saman.
Når ein som forelder oppdagar at barn slit kan det være vanskeleg å vite kva godt ein kan gjere for dei.
Det er de som foreldre som best vil kunne ta i vare eiga barn, og vi skal være der som ei god støtte når de treng det.
Vi i familieteamet er tilgjengelege for all kontakt knytt til barn og unges mentale helse.
Fyll ut skjema: Tilmelding Barn og familie
Foreldrestøtta rettleiingsprogram vi nyttar er dei forskingsbaserte metodane COS-P (Circle of Security Parenting) PMTO og Marte Meo. Desse metodane kan du lesa om nedst på sida.
Kommunalt tilsette i barnevern, helsestasjon, fastlege, eller andre instansar, kan òg tilvise til familieteamet i samråd med foreldre/ungdomslærar, rådgivar eller anna tilsett på skulen er du også velkommen til å ta kontakt med familieteamet.
For å tilvise/søke om støtte frå familieteamet kan ein nytte dette skjemaet.
Dersom skule eller barnehage tilvisar saman med føresette til Barn og familie, skal saka ha vore oppe til drøfting i eksternt ressursteam.
I familieteamet kan du få oppfølging frå psykolog, familierettleiarar og psykisk helsearbeidar eller ungdomslosane.
Vi jobbar etter helse og omsorgstenestelova.
Opningstider: Kvardagar frå 08:00 - 15:30
Kontakt
Sturla Helland, psykolog
Tlf. 53 46 17 84 / 97 02 43 20
Anne Margrethe Matre Vangsnes, psykisk helsearbeidar for barn og unge
Tlf. 53 46 16 27 / 41 65 46 03
Siv Karin Stensletten, familierettleiar
Tlf. 48 19 35 21
Maria Solheim Thorsen, ungdomslos
Tlf. 90 70 19 08
Espen Tufta Saghaug, ungdomslos
Tlf. 90 19 37 87
Vigdis Gammelsæther, avdelingsleiar
Tlf. 90 60 78 96
Barnehageteamet
I barnehageteamet jobbar fem dyktige spesialpedagogar som utførar vedtaka til barn med rett til spesialpedagogisk hjelp. Spesialpedagogane har og noko fri tid dei kan nytte til tidleg innsats der barnehagane ser behov.
Føremål med spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova § 31 er å gje barn under opplæringspliktig alder med særlege behov tidleg hjelp og støtte i språkleg, sosial og motorisk utvikling og læring.
Hjelpa skal også bidra til at barnet vert betre rusta til å byrja på skulen og til at det får nødvendig hjelp.
Hjelpa skal sjåast i samanheng med føremålet for barnehagen og rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver. Den spesialpedagogiske hjelpa skal ha eit pedagogisk siktemål, og kan omfatta øving- og stimuleringstiltak og rettleiing til personale og føresette, jf. vegleiaren til spesialpedagogisk hjelp-UDIR.
Hege Lekva er spesialpedagog med kompetanse på teikn til tale
Marianne Lofthus er spesialpedagog, Marte Meo terapeut og PMTO rådgjevar. Marianne har òg jobba særleg med barn med autisme og EIBI i samarbeid med HABU.
Mona Kortilla er spesialpedagog
Frida Heggland er spesialpedagog
Vi har éin vakant stilling.
Ungdomsteamet
Ungdomsteamet er eit framoverlent og ivrig team som har stor tru på ungdomane i Kvinnherad kommune. Vi er leikne, finn på kjekke ting saman med dykk og tek gjerne imot innspel til kva vi kan gjere i lag. Ungdomsteamet er samansett av ungdomsleiarar som har ansvaret for basane våre, utekontaktar som er gode å snakke med og ungdomslosar som hjelper deg når du synes skule, jobb eller andre ting blir for vanskeleg til å stå i det alene.
Vi er opptekne av at ungdommane i kommunen vår skal ha det bra. Me ynskjer å legge til rette for gode møtestadar og at alle barn og unge i kommunen vår skal ha trygge vaksne å snakke med om dei treng det.
Vi i ungdomsteamet har teieplikt. Vi har og ein plikt til å være ansvarlege vaksne som hjelper deg med det du slit med. Av og til betyr det at vi må snakke med foreldra dine og kanskje andre tenester som kan hjelpe deg betre. Men vi gjer aldri noko utan at du er eining i det. Vi er opptekne av at dine tankar og meiningar alltid kjem fram.
Vi gir råd, støtte og rettleiing til ungdom
Vi ynskjer å støtte deg i det du opplever som vanskeleg i kvardagen din. Vi ynskjer at du ikkje går for lenge med vanskelege tankar.
Vi høyrer ofte frå ungdom at dei har tankar om at dei ikkje strekk til, at dei ikkje er bra nok og opplev at dei ikkje passar inn, eller at dei ikkje ser bra nok ut. Mange beskriv følelsar om å være sliten, trist eller redd. Matlyst, konsentrasjonsvanskar eller søvnvanskar er vanlege tema ungdom snakkar med oss om. Ofte har vi samtalar om seksualitet, vener og familie. Ingen tema er feil, ingen problem er for små eller store.
Vi trur på deg og vi er her for nettopp deg.
Helsestasjon for ungdom er eit viktig tilbod for deg som er ung! Der kan du få god hjelp til alt ungdom ofte lurar på om pubertet, seksualitet, psykisk helse eller andre ting. Les meir her!
Utekontaktane er: Britt Irene Hamre , tlf: 90 16 06 12 og Ingebjørg Holmedal Eidsvik , tlf: 90 19 89 72
Ungdomslosane er: Maria Solheim Thorsen , tlf: 90 70 19 08 og Espen Tufta Saghaug , tlf: 90 19 37 87
UNGDOMSBASANE
I Kvinnherad har vi to ungdomsbasar.
Ungdomsbase Sør:
Ungdomsbase Sør finn du i Husnes Sentrum, på nedsida av kulturhuset ved BUA. Her har ein ulike aktivitetstilbod og ein sosial møtestad, med trygge vaksne til stades.
Black box’en er ein kombinert musikkverkstad, dansesal, diskotek og eit godt utstyrt bandrom i ungdomsbase nord. Black box’en er eit tilbod for deg som held på med dans og musikk, og som har behov for tilgang til fullt utstyrt øvingslokale. Hausten 2022 vil Mauricio Weimar frå kulturskulen vere på base sør nokre torsdagar og spele med dei som ynskjer å prøve seg på instrumenta i black box’en! Vi gler oss til samarbeidet!
Arve Rødland er leiar for Ungdomsbase Sør og kan nåast på tlf: 92 06 73 57
Andreas Rolland er ungdomsarbeidar på base Sør og kan nåast på tlf:..
Opningstid:
Måndag: 14:30 – 21:00 for alle
Onsdag: 13:30 – 22:30 kun for vidaregåande og eldre ungdom
Torsdag: 18:00 – 22:30 for alle (tidspunkt 21:00 – 22:30 er hovudsakleg for dei eldste ungdomane, så sant ein ikkje lyt vente på buss/transport).
Søndag: 18:00 – 22:00 for alle
På torsdagar og søndagar er i utgangspunktet tidspunkt 21:00 – 22/22:30 er hovudsakeleg for dei eldste ungdomane, så sant ein ikkje lyt vente på buss/transport).
Ungdomsbase Nord:
Ungdomsbase Nord finn du i Rosendal, like ved ungdomsskulen. Her har ein ulike aktivitetstilbod og ein sosial møtestad, med trygge vaksne til stades.
Even Hansen Skåla er leiar for Ungdomsbase Nord på måndagar og kan nåast på tlf 48 25 60 85
Katharina Lærum er leiar for Ungdomsbase Nord på torsdagar og kan nåast på tlf:
Opningstid:
Måndag: 14:45 – 21:15 (for alle ungdommar frå 8. klasse og opp)
Torsdagar: 14:45 – 21:15 (for alle ungdommar frå 8. klasse og opp)
Black box’en er ein kombinert musikkverkstad, dansesal, diskotek og eit godt utstyrt bandrom i ungdomsbase nord. Black box’en er eit tilbod for deg som held på med dans og musikk, og som har behov for tilgang til fullt utstyrt øvingslokale. Hausten 2022 vil Mauricio Weimar frå kulturskulen vere på base nord og spele med dei som ynskjer å prøve seg på instrumenta i black box’en! Vi gler oss til samarbeidet!
Garasjen er eit tilbod til ungdom som ynskjer eit alternativ til fotball og korps. Vi mekkar motor og har ein eigen verkstad. Garasjen startar opp i august 2022 og er finansiert av Gjensidigestiftelsen. Her kan du ta med egen sykkel, moped, scooter, ATV eller lettmotorsykkel. For dei som ikkje har eigne «skruobjekt» så finn vi fleire prosjekter som de kan prøve dykk på.
Garasjen held til i den gamle garderobedelen til bassenget i Rosendal og er under leiinga til Even. Garasjen er ope på måndagar. Om vi får ungdom eller vaksne som vil bidra til å halde garasjen open meir, er torsdagane eit alternativ, når Katharina har open base.
Helse- og tiltaksteamet
I tiltaksteamet gjerast sakshandsaming i høve til tenester etter Helse- og omsorgstenestelova og iverksetting av t.d. praktisk hjelp, BPA, støttekontakt, avlasting, omsorgsløn m.m. Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester og fullmaktsskjema finn du lenger nede på sida.
Vi i helse- og tiltaksteamet har tett samarbeid med avlastingsbustaden for barn, Villatoppen og miljøterapeutane i eining Barn og familie for å iverksette vedtak.
Vi gjer kartleggingar, vurderingar og vedtak av dei juridiske rettane og behova til familiar med særlege omsorgsoppgåver. Vi har ansvaret for rekruttering og rettleiing av oppdragstakarar/tilsette som støttekontaktar og avlastingsheimar/støttefamiliar for å sikre best mogleg kvalitet i tenestene vi tilbyr.
Om du har behov for støtte i kvardagen kan du sende inn søknadsskjema til eining barn og familie, og vi vil ta kontakt med deg og behandle saka di innan 4 veker. Tilmelding Barn og familie.
Om du har eit ynskje om å bety noko for eit barn og ein familie med hjelpebehov vil vi svært gjerne komme i kontakt med deg og du kan nytte dette skjemaet: søknad om å bli oppdragstakar
Er du oppdragstakar og skal rapportere på oppdraget ditt nyttar du denne rapporteringsmalen: Rapport for oppdragstakarar
Anne Berit Sætre, Tiltakskonsulent
Tlf. 48 11 30 76
e-post: anne.berit.saetre@kvinnherad.kommune.no
Bodil Guddal Bjørke, Sakshandsamar Helse og omsorg
Tlf. 91 73 79 28
e-post: bodil.guddal.bjorke@kvinnherad.kommune.no
Vigdis Gammelsæther, Avdelingsleiar Tiltak og ressurs
Tlf. 90 60 78 96
Circle of security parenting (COS-P)
FORELDREKURS
Vi tenkjer at alle foreldre ønskjer å gje barna sine tryggheit. Alle foreldre finn likevel foreldreskapet utfordrande på ulike vis.
COS P vil gje foreldre eit «vegkart» til å forstå barn sine behov og signal, og modellar for korleis foreldre kan prøve å møte desse behova. Vi tek utgangspunkt i nyare tilknytingspsykologisk teori og forsking.
Det er ikkje eit mål i COS P at foreldre skal bli perfekte, men vi ønskjer å samtale om kva eit godt foreldreskap er. Programmet er konkret, og teorien som vert presentert vert knytt til eksempel og samtale.
COS-P kan gje deg høve til å bli ein enda betre forelder for ditt barn.
Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg i seg sjølv, slik at det vil stå sterkare til å møte utfordringar i livet.
I COS-P brukar vi både grafisk materiale og video. Du blir ikkje sjølv filma i COS-P; programmet brukar amerikanske eksempelfamiliar. Videoane viser foreldre og barn i samspel, og foreldra sine eigne tankar om kva som skjer i relasjonen. I tillegg gir videoane og gruppeleiarane ei grundig innføring i tilknytingsteori.
PROGRAMMET
Kva går vi gjennom i COS-P?
Å utforske barn sine behov heile vegen rundt tryggleikssirkelen
Vi ønskjer å dele bodskapen om at barn
har trong for foreldra si støtte både når
dei utforskar verda, og når dei opplever
vanskelege kjensler.
«Vere saman på tryggleikssirkelen»
Vi vil samtale om kor viktige det er å lære
barna å handtere kjensler. Vi ser på
korleis dette berre kan lærast i ein relasjon,
og korleis dette er sentralt for utvikling
av trygg tilknyting.
Vegen til tryggheit
Vi ser på korleis det at foreldre er psykisk og emosjonelt tilgjengelege for barnet
påverkar barnet si formidling av kjensler og
behov.
Når det kjennest vanskeleg å vere forelder
Dette tema er særleg viktig for dei
som har barn som viser mykje sint åtferd,
åtferd ute av kontroll, eller er i risiko for å
utvikle slike vanskar. Vi ser på balansen mellom det å være tydeleg og samtidig god
i foreldreskapet.
Betydninga av reparasjonar i relasjonar
Vi utforskar korleis vi forstår at den
underliggjande meldinga i eit sterkt
kjensleuttrykk er "eg treng deg, og eg
veit ikkje kva eg skal gjere med kva eg
føler".
Kva medfører det å delta?
COS-P er eit opplegg over 7-8 gonger og varer 1,5 time kvar gong.
Kven blir invitert til å bli med i COS-P?
Det er helsestasjonen eller barnehagane som gir tilbod om å delta i COS P. Foreldre kan og sjølve ta kontakt med Eining barn og familie for å få dette tilbodet.
COS P kan bli gitt som gruppetilbod eller individuelt til foreldre.
Det bør ikkje være nødvendig med tolk for dei som skal være med i gruppe.
Tilbodet er sjølvsagt frivillig og gratis.
Gruppa vil bli leia av Siv Karin Stensletten og Sturla Helland.
I gruppa kan ein sjølv avgjere kor mykje ein vil dele frå eigne erfaringar.
Telefon til helsestasjonen: 53 46 16 20
Telefon til Eining barn og familie: 53 46 16 90.
Circle of Security Parenting
Marte Meo
Kva er Marte Meo?
Marte Meo betyr « ved egen styrke» og er ein rettleiings- og behandlingsmetode for å styrke og utvikle samspelet mellom foreldre og born. Målet er å gje hjelp til sjølvhjelp og målgruppa er foreldre med born i aldersgruppa 0-12 år.
I Marte Meo nyttar vi eigne filmar av barn og vaksne saman, og rettleiinga har utelukkande eit positivt fokus. Vi leiter etter løysingar og positiv samhandling, og saman finn vi kva barnet treng. Målet er at foreldre skal kjenne seg meir kompetente, sjølv oppdage de gode tinga ein gjere, og gjere meir av dette.
Filmen vert sletta etter bruk. Det er berre dei vaksne som er med på filmen som ser den. Utover det er det berre foreldra som kan samtykka til kven andre som eventuelt kan sjå den.
Marte Meo rettleiing vert nytta førebyggande i helsestasjonssamanheng, barnehage, skule og som tiltak/behandling innafor barnevern.
Korleis?
Vi filmar 5-10 minuttar av ein situasjon der barn og vaksne er i eit samspel, i heimen, barnehagen eller skulen.
• Ved analyse av Marte Meo-filmar bruker terapeuten interaksjonsanalysen for å sjå kva som skjer i samhandlinga.
• Vi ser etter atmosfære og kva som vert kommunisert både med lyder, blikk, kroppsspråk og ord.
Den konkrete informasjonen til stillbilda som syner deler av samspelet vert nytta saman med foreldra eller dei tilsette i barnehage/skule si bestilling/spørsmål, i rettleiinga.
Kvar finn ein tilbodet?
Det er terapeutar i Eining Barn og famile som tilbyr Marte Meo.
Helsestasjon, barnehagar og skule kan vere til hjelp i tilvisinga til eininga.
Foreldre kan og sjølve ta kontakt med Eining barn og familie for å få dette tilbodet.
Tilbodet er frivillig og gratis.
Telefon til helsestasjonen: 53 46 16 20
Telefon til Eining barn og familie: 53 46 16 90.
PMTO og TIBIR
TIBIR foreldrerådgjeving: Tilbodet tek sikte på å hjelpe familiar på eit så tidleg tidspunkt som mogeleg for å finne løysingar for å betre samspelet. Rådgjeving er eit tilbod til foreldre med born mellom 3 til 12 år, som strekker seg over 3 til 6 samtalar.
PMTO behandling: Tilbodet tek sikte på å hjelpe familiar med meir fastlåste samarbeidsutfordringar. Ei PMTO behandling strekker seg over 6 til 9 månadar med treff kvar veke.
I både behandling og rådgjeving blir det øvd på å betre samarbeidet ved å gi gode beskjedar, fokus på å lære nye ferdigheitar gjennom ros og oppmuntring, samt setje grenser på ein mild og føreseieleg måte.
Målsetjingane me jobbar etter er familien sine eigne og vegleiaren/terapeuten tilpassar verktøya til det enkelte barnet og familien.