Arkivverket har dei siste åra gjennomført tilsyn i alle kommunar i tidlegare Hordaland fylke. Kvinnherad kommune var valt ut som siste kommune i Hordaland fordi Riksarkivet alt før tilsynet er godt kjent med at: Kvinnherad kommune har god kontroll på dei daglege arkivoppgåvene. Arkivfagleg leiar synast å ha solid kompetanse på fagområdet, og arkivtenesta blir oppfatta som hjelpsam og tydeleg av leiarar og sakshandsamarar. Det siste året har kommunen prioritert overordna og periodiske arkivoppgåver som til slutt skal resultera i betre oversyn og styring på arkivfeltet, som det står å lesa i rapporten.
Det er påpeikt fire moglege pålegg som går på:
- Ansvarsfordeling arkiv
- Innarbeida eksisterande rutinar i kvalitetssikringssystemet i kommunen
- Plan for langtidsbevaring av elektronisk arkivmateriale
- Plan for levering av resten av papirarkivet, alt er kartlagt – om lag 300 hyllemeter med dokument
Kommunen har allereie deponert betydelege mengder papirarkiv og har eit godt samarbeid med IKA Hordaland om langtidsbevaring av elektronisk arkiv. (Døme på digitalisert arkivmateriell frå Kvinnherad)
Alle pålegga vil verta gjennomført innan fristen som er sett til 6 månadar, og arkivleiar framhevar det gode arbeidet som vert gjort i organisasjonen med innlevering av papirarkiv og avlevering til Interkommunalt arkiv.