Søknadsfristen er 17. desember 2021. Vi oppmodar om at alle les den nye forskrifta og vegleiaren nøye.
Den nye forskrifta om tilskot til inkludering av barn og unge omfattar det som tidlegare var tilskotsordningane «Nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge», «Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn» og «Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom».
Målet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamna i utanforskap.
De kan søkja om tilskot for inntil tre år.
Søknadsskjemaet finn de ved å logga inn i søknadsportalen.
For all informasjon elles viser vi til tilskotsordninga si nettside.
Har du spørsmål? Kontakt folkehelsekoordinator Kristian Helgesen, kristian.helgesen@kvinnherad.kommune.no eller Frivilligsentralen; Veronica Thorsen, veronica.t.thorsen@kvinnherad.kommune.no