Lovgrunnlag 

  • § 2-2.Plikt til grunnskoleopplæring 
    • Barn har plikt til grunnskuleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet. Grunnskuleopplæringa skal gjennomførast på ein offentleg skule, ein privat grunnskule som er godkjend etter § 22-1 eller etter privatskolelova, eller gjennom privat grunnskuleopplæring i heimen, jf. § 22-5. 
  • § 2-4.Utsett og tidleg skulestart
    • Kommunen skal la eit barn byrje på skulen det året barnet fyller sju år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og det etter ei sakkunnig vurdering er tvil om at barnet er komme langt nok i utviklinga si til at det bør byrje på skolen det året barnet fyller seks år.
    • Kommunen kan la eit barn byrje på skulen det året barnet fyller fem år, dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer og ei sakkunnig vurdering viser at det er forsvarleg.

Rutine for å søkje om utsett eller tidleg skulestart 

Dersom føresett vurderer utsett/tidleg skulestart, så drøftar dei årsaka til det med pedagogisk leiar i barnehagen. Om føresette etter drøftinga framleis ønskjer utsett/tidleg skulestart kallar barnehage inn til eit møte mellom føresette og Pedagogisk-psykologisk teneste(PPT) for vidare drøfting. Utsett/tidleg skulestart krev ei sakkunnig vurdering frå PPT. Den sakkunnige vurderinga vert sendt til heimen, barnehagen og skulen barnet skal starte. Rektor gjer eit vedtak. Om føresette ikkje er samd i vedtaket kan dei klage til statsforvaltaren. 

Om barnet ikkje går i barnehage kan føresette drøfte årsaka til at dei vurderer utsett/tidleg skulestart med helsesjukepleiar. Om føresette etter drøftinga framleis ønskjer utsett/tidleg skulestart så hjelper helsesjukepleiar å avtale eit møte med PPT. PPT tek saka vidare. 

Utsett/tidleg skulestart krev ei sakkunnig vurdering frå PPT. Den sakkunnige vurderinga vert sendt til heimen, barnehagen og skulen barnet skal starte. Rektor gjer eit vedtak. Om føresette ikkje er samd i vedtaket kan dei klage til statsforvaltaren.

Tidsfristar 

  • Drøfte saken med pedagogisk leiar/helsesjukepleiar innan 15. januar.
  • Tilmelde til PPT innan 15. februar.
  • Vedtak frå skulen innan 1. juni.