Tid for vassmålaravlesing
Abonnentar som har vassmålar vil i desse dagar få SMS frå Kvinnherad kommune, der dei blir bedne om å lesa av sin vassmålar.
Fristen for å svara på SMS er sett til 12.12.2021
NB! Husk å sjekke at vassmålarnummer stemmer når du les av, er det feil må du melde frå om det.
For å registera målarstand svarar ein på SMS`en.
Skriv inn vassmålarstanden, bare heile tal, ikkje ta med raude tal eller tal bak komma.
Ikkje skriv inn tekst eller teikn som punktum eller liknande.