Testing før oppstart av nytt barnehage- og skuleår!
Elevar i barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule skal testa seg før dei startar på skulen etter nyttår. Dette skal skje innanfor 24 timar før dei går på jobb eller skule første dag etter juleferien. (Ikkje tidlegare enn klokka 09:00 søndag morgon)
Alle skulane i Kvinnherad har fått testar som dei skal levera ut til elevane. Skulane kjem til å senda informasjon ut til foreldra om kva tid og kor dei får henta desse testane. Me ber derfor om at alle følgjer med på Visma-meldingar frå skulen sin.
Elevane skal såleis ikkje henta testar på helsesentera.
Dei tilsette i barnehagane og skulane får også utlevert testar på arbeidsplassen og skal heller ikkje henta på helsesentera.
Sektorleiinga