Om barnehagen
Sunde barnehage har 4 avdelingar med 72 plassar for barn i alderen 1-5 år.
Personalet er engasjerte, samarbeidsvillige og dyktige. Me har i mange år jobba med kompetanseløftet “Vera saman”, der dei vaksne er autoritative grensesetjarar med gode relasjonar til alle barna. Me jobbar målretta i høve tidleg innsats, handtering av utfordrande åtferd og relasjonsbygging på alle nivå. Inkludering i fellesskapet er viktig for oss, alle barn skal kjenna seg inkluderte, oppleva livsmeistring og glede. Barn sin medverknad i kvardagen er ein viktig del av dette. Me jobbar stadig med kompetanseutvikling hjå dei vaksne i høve dette tema.
Leiken har ein sentral plass i barnehagekvardagen vår. Det er gjennom denne at barna lærer seg dei viktigaste reglane for samhandling. Dei tilsette har ei viktig oppgåve ved å leggja til rette for allsidige opplevingar som kan stimulera fantasien og den viktige leiken. Barna får høve til å nytta leiken til å bearbeida inntrykk og opplevingar, gode som vonde. I barnehagen oppfordrar me barna til å inkludera andre i leiken. Det er viktig at me ser at alle får same moglegheit til å leika, og at ingen vert ekskludert. Dei vaksne ser på organisering og jobbar målbevisst for å gjera leiken interessant nok til at barna vil delta og inkludera kvarandre.
Sunde barnehage ligg fint til for turar i nærmiljøet, og dette vert aktivt nytta. Mellom anna er Trollskogen eit populært turmål, med kvilehytta, troll, andre eventyrfigurar og klatrepark. Barnehagen har òg vore med på å utvikla dette området. Eit anna mykje besøkt område er sjøen og stranda, og mange prosjekt har vorte til med utgangspunkt i det som finst der.
Barnehagen ligg like ved Sunde skule, og me har eit godt samarbeid med dei. Overgangen for dei som skal byrja på skulen er difor god. Me får nytta gymsalen når den er ledig, og det er veldig populært å få vera på skuleplassen og klatra, sykla. m.m.
Opningstider: 06.30 - 16.30