Problemstillinga gjeld for fleire kommunar, og vi viser til informasjon frå Norsk Kommunalteknisk Forening for korleis desse sakene skal behandlast: https://www.kommunalteknikk.no/stroemstoette-paa-hytta.6541903-161016.html

I korte trekk: For å endre status på byggverk, må det søkjast og godkjennast gjennom byggesaksbehandling. Dersom ein får godkjent søknad om bruksendring vil matrikkelinformasjon verta endra. Oppdatert matrikkelinformasjon kan nyttast av nettselskapet.

Kva bruk er min eigedom godkjent for?
Dette kan du sjekke på heimesida til kartverket

Eg vil endre godkjent bruk og status på bygget:
Dersom du vil endre bruken av eit bygg, må det søkjast om bruksendring. Dette er eit tiltak som krev ansvarsrett og det er difor mest nyttig å ta kontakt med eit ansvarleg føretak for rettleiing for din eigedom. Konkret kva som ligg i bruksendring kan du lese meir om i informasjonsark her

Kva har eg lov å gjere på eigedomen min?
Kommuneplanen sin arealdel seier noko om kva bruk og omfang som er lov i kommunen. I kommunekart kan du sjå kva område seier der du bur. Har du til dømes fritidsbustad i eit regulert hyttefelt er det vanskeleg å få dispensasjon til å endre bruk til heilårsbustad. Difor er det vanskeleg å svare generelt, for det må gjerast ei konkret vurdering i kvar sak.