Ordninga var slik føretak registrert i Kvinnherad fylte ut eit enkelt, digitalt skjema kor bedriftene kunne søkte på basis av straumkostnader for juli, august og september 2022. Det kom inn 96 søknader innan fristen som var 23. desember. Det var sett av ein pott på kr 7.5 mill for denne ordninga.

Det er heilt sikkert ulikt kor denne støtta treff den enkelte bedrift. For nokre bedrifter er det naudsynt støtte i eit krevjande år. For andre kan det vere eit godt tilskot for å gå  vidare med tiltak som kan vere med å redusere energibruken. Midlane som no er tildelt kan for eksempel nyttast som eigenkapital i forhold til ENØK tiltak og søknad om støtte hjå bl.a. Enova.

Kriterium for ordninga er slik:

  • Støtta dekkjer 80% av kostnadane over 70 øre/kWh eks. mva. for straumforbruket i juli, august og september 2022
     
  • Grunnlaget er gjennomsnittleg spotpris i månaden
     
  • Stønaden vert utbetalt basert på rekningar for perioden juli – september 2022
     
  • Det vert gitt støtte for samla forbruk på inntil 200 000 kwh per verksemd for 3 månadar
     
  • Ordninga skal gjelde alle små og mellomstore verksemder. Små og mellomstore verksemder blir definert som verksemder med mindre enn 100 tilsette og mindre enn 100 millionar kr i årleg omsetning
     
  • Verksemda er ikkje omfatta av ei statleg ordning (td. jordbruks- og veksthusføretak som har eiga straumstøtteordning)
     
  • Verksemda må stadfeste at dei ikkje kjem over grensa for bagatellmessig støtte
     
  • Dersom det samla nivået på godkjente søknadssummar overstig ramma for ordninga, vert løyvingane avkorta prosentvis og likt for alle søkarar.
     
  • Den totale økonomiske ramma for ordninga er kr 7,5 mill
     
  • Ordninga er tillitsbasert. Dei som misbruker ordninga må tilbakebetale støttebeløp med renter. 


Gjennomsnittleg månadleg spotpris er henta frå Nord Pool og gjeld prisområde NO2 som Kvinnherad høyrer til.
Prisane som er lagt til grunn:      2,63 kr/kWh for juli
                                                    4,34 kr/kWh for august
                                                    3,59 kr/kWh for september


Oversyn over tildelte midlar