Kvinnherad formannskap vedtok 07.12.2022 ei ordning for straumstøtte til det lokale næringslivet (Politisk sak 2022/85). Føretak heimehøyrande i Kvinnherad kan etter nærare vilkår søke om tilskot for å dekke ein stor del av kostnadane til straum i dei hittil tre dyraste månadane i 2022.
Ved å fylle ut og sende inn dette skjemaet kan verksemder som stettar kriteria søke på ordninga - det er diverre ikkje høve til å søke på anna vis enn dette.