I dag klypte ordførar Hilde Enstad snora for å markera den flotte nye hovudbrannstasjonen på Husnes for open!
Prosjektleiar Stian Ersland (t.v.) og brannsjef Atle Josdal fekk æra av å halda i kvar sin ende av snora. Vi kan òg skimta leiar for førebyggjande brannvern, Øyvind Ousdal, inne i brannbilen.
I tillegg fekk ordføraren særs god hjelp av Gaute Fredheim Aas som vil bli brannmann når han blir stor. Og sist men ikkje minst sette mormor til Gaute, Vibeke Fredheim, stemninga med ein superb trommevirvel! Betre kan det ikkje bli!