Kvinnherad kommune har fått tildelt kr 1.199.798 som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.
Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og fungere som ein kommunal ventilordning, for å kompensere dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg

  • Støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging,
  • Støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar, vil prioriterast.
  • Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssentre for natur og verdensarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.
  • Størrelse på verksemda og mogleg tap vil vektleggast.

Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Kvinnherad. 

Korleis søke om støtte?

Søknad opprettast i www.regionalforvaltning.no

  1. Opprett brukar (dersom du ikkje allereie har brukar) – Logg inn
  2. Søk opp støtteordning – søk på Kvinnherad vel Kommunal kompensasjonsordning
  3. Fyll ut alle felt – legg ved vedlegg og send inn

Informasjon om økonomi:

Søknaden må dokumentere tap som følgje av smitterverntiltak og nedstenging

  1. Tapte inntekter knytt til nedstenging i høve til offentlege smittevernkrav
  2. Oversikt over ekstra kostnader til smitteverntiltak
  3. Andre kostnader

Utskrift av regnskap, mva. oppgåve, forklaring eller anna dokumentasjon lastast opp som vedlegg. Opplys om ein har motteke anna offentleg støtte. Skatteattest skal leggast ved. Det er krav om at det ikkje er skyldig offentlege skattar og avgifter.

Her kan du finne meir informasjon om søknadsskjema:

Kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter : REGIONALFORVALTNING.no - Brukerstøtte

Vurdering av søknadar
Formannskapet i Kvinnherad kommune behandlar dei innkomne søknadene etter innstilling frå administrasjonen. 

For ytterlegare informasjon, sjå:  https://www.regjeringen.no/contentassets/25112a24a5764908bec35e653933a066/tilskuddsbrev-kommunal-kompensasjonsordning-.pdf

Søknadsfrist

15.4-2021 

Anna informasjon

  • Opplysningar som gis i søknaden vil i utgangspunktet være offentlege etter offentleglova.
  • Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll m.m. Midlane blir tildelt etter KMD prop. 79 S (2020-2021) Økonomiske tiltak i møte med pandemien. Tildelingsbrev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet har referanse 21/1215-2

Kontaktperson
Kontaktperson i kommunen er:

Grete Solheim, næringssjef Tlf.: 99 15 37 85 eller grete.solheim@kvinnherad.kommune.no

Margit Lund Mikkelson, rådgjevar reiseliv, Tlf.: 91 15 10 09 eller margit.lund-mikkelson@kvinnherad.kommune.no