For å ha lovfesta rett til barnehageplass, må ein søkja innan fristen 15.02.2023. Følgjande kriteria må vera innfridd:
- Det må vera søkt innan fristen, 15. februar 2023.
- Søknadsfrist for å endra plass er 1. februar 2023.
- Barnet må vera fylt eitt år innan utgangen av november.
- Barn som fyller eitt år innan august 2023 har rett til plass i løpet av august månad.
- Barn som fyller eitt år i september, oktober og november har rett til å få plass innan den månaden dei fyller eitt år.
- Retten til å få plass er oppfylt når de har fått tildelt plass i ein barnehage i Kvinnherad kommune.
- I tillegg til hovudopptaket, kan ein søkja barnehageplass heile året. Barnehagane tek då inn barn etter kvart som dei har ledig plass.
- Søknad om barnehageplass vert gjort elektronisk. Meir informasjon og lenkje til søknadsskjema finn du på kommunen si heimeside: