Ynskjer du å byggje ein veg på garden, må du søkje om å få byggje vegen. Om landbruksvegen utgjer over 50 % i veganlegget, blir søknaden handsama gjennom forskrift planlegging og godkjenning av landbruksvegar. Landbruksvegar er bilvegar og traktorvegar som blir bygd i samsvar med normalar for landbruksvegar som er fastsett av departementet. Har vegen under 50 % landbruksnytte, skal vegen handsamast etter plan- og bygningslova (pbl.). Uansett skal det gjerast vurderingar etter naturmangfaldslova.
Landbruksdirektoratet har laga ein nyttekalkulator som kan vere nyttig og er til hjelp for å finne kva regelverk nettopp din veg kjem under. Det er og laga ein kalkulator for å finne lønsomheita.
Bygging av nye og ombygging av eldre landbruksvegar er heimla i skogbrukslova og jordlova.
På Landbruksdirektoratet sine sider finn du god informasjon og søknadsskjema.
Kjelde: ldir.no