Veldig fint om de melder inn ryddeaksjonane dykkar allereie no – info om det finn de her.
Når det nærmar seg vert det mogleg å hente hanskar og bossekkar.

Avfallshandtering
Det vert i år sett ut containerar rundt i kommunen, slik det tidlegare har vore gjort under strandryddeveka.

Informasjon 
Nettsidene til Rein Hardangerfjord er oppdatert med ei spørsmål og svar-side. 

Miljøpris
Det er bestemt at det vert delt ut tre miljøprisar til dei ryddelaga som ryddar mest per person (dvs. tal kg plukka/tal ryddarar). To av premiane går til skulelag, og éin av dei går til eit lokalt ryddelag. Kvar premie er på 10.000 kr som laget kan bruke på det dei sjølv ynskjer. Frist for å registrera kor mykje ryddelaget plukka ila strandryddeveka er måndag 25. september. Vinnarane blir kontakta og annonsert i Rein Hardangerfjord og framtidshavet sine kanalar fredag 29. september 2023. 

RH23_PLAKAT.jpg