Landbrukskontoret har no fått melding om at Kvinnherad kommune i utgangspunktet er tildelt kr 480.000 i SMIL løyving for 2020 (SMIL er tilskot til særskilte miljøtiltak i jordbruket). Føremålet med ordninga er å fremja natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet og redusera forureining frå landbruket. Frå fylket vert ein oppfordra til å prioritera tiltak som hindrar avrenning til vassdrag. Eit aktuelt tiltak her er t.d. å byggja tak over gjødselsiloar. Søknadsskjema finn de på Altinn.no. Søknadsfristen vert sett til 2. mars. Har de spørsmål, kontakt landbrukskontoret.

 

Les meir om SMIL her.

Smil[1].JPG