Skulehelsetenesta arbeider målretta. Dette betyr at elevane vert kalla inn til helsesjukepleiar på grunnlag av tidlegare funn, eller etter ynskje frå eleven sjølv, føresette eller lærarar. Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt utan avtale. Elevane kan få råd og rettleiing, og vi gjennomfører helseundersøkingar/helsesamtaler og vaksinasjonar på faste alderstrinn. Vi tilbyr også samtale og oppfølging av elevar. Ved ulike vanskar og utfordringar, og foreldrevegleiing til dei som ønskjer det. Vi gjer avtale for faste undersøkingar og oppfølgingssamtalar.
Helsesjukepleiar kan mellom anna gje rettleiing i høve til vekst og utvikling, kosthald, hygiene/smittevern, seksualitet og samliv, psykisk helse, samspel foreldre-barn/ungdom m.m. Vi kan også tilby støttesamtaler/motiverande samtaler for dei som har behov for det. Etter kartlegging hjå helsesøster kan elevar bli vist vidare til andre hjelpeinstansar. Skulehelsetenesta samarbeider med fleire andre instansar, både i og utanfor skulen. Vi har teieplikt, og samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller eventuelt eleven sjølv.
Skulehelsetenesta tilbyr helseopplysning og undervisning til enkeltelevar og grupper/klassar, m.a. om tema som psykisk helse, pubertet, sex og samliv. Skulelege, psykolog, psykisk helsearbeidar for barn og unge mm kan delta i deler av undervisninga. I følgje Lov om pasient og brukarrettighetar, § 6-1 har barn rett til nødvendig helsehjelp i form av helsekontrollar i den kommunen barnet bur og oppheld seg. Foreldre pliktar å medverke til at barnet deltar i helsekontrollar.