Skogfondet inneheld midlar som skogeigarane er pliktige til å setja av ved alt sal av tømmer og biobrensel. Føremålet med ordninga er å sikre finansiering av ei bærekraftig forvaltning av skogressursane. Skogfondet skal gje skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktige investeringar, samt sikra viktige miljøverdiar i den skogen som vyrket kjem frå, eller i ein annan skog som skogeigar har.
Avsetjing av skogfon er heimla i skoglova. Kva skogeigedom har ein eigen fondskonto, og skofondsmidlane er knytta til skogeigedomen.
Skogfondet kan nyttast til:
- Skogkulturtiltak, som planting og ungskogpleie
- Miljøtiltak, knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og friluftsliv
- Bygging og opprustning av skogsvegar og velteplassar
- Vedlikehald av skogsbilvegar
- Miljøtiltak, som pleie av kulturminne i skog
- Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar
- Biovarmeanlegg for varmeleveransar
- Forsikring av skog
- Kursavgift og kursmateriell for kurs knytt til skogen si drift
- Oppmerking av eigedomsgrenser ved jordskrifte i skog
Informasjon om utbetaling frå skogfond finn du på Landbruksdirektoratet.
Meir informasjon om skogfondet finn ein hjå Statsforvaltaren i Vestland eller ta kontakt med landbrukskontoret om du har spørsmål.
Foto: Tore Eik