Ytterlegare definering av klimamålet og korleis det skal følgast opp, kjem i kommuneplan og  ny klima- og miljøplan. Å setje eit realistisk klimamål for Kvinnherad som samfunn er i stor grad avhengig av faktorar som ligg utanfor det kommunen rår direkte over. Men det er også eit spørsmål om Kvinnherad skal vere aktivt med på omstillinga, eller bli omstilt seinare. I det skiftet som no skjer, ligg det store moglegheiter for vidareutvikling av industri og samfunn. Vi har alle føresetnadar til å lukkast i omstillinga, med overskot på fornybar kraft og industrikompetanse.

Race to Zero

For å styrke ambisjonane har FN sin Klimakonvensjon starta ein global kampanje fram til klimamøtet i Glasgow i november, kalla Race to Zero. Føremålet med kampanjen er å inspirere byar, kommunar, regionar og næringsliv til å legge press på verdas regjeringar for å styrke det grøne skiftet, berekraftig økonomisk vekst og statane sine forpliktingar i Paris-avtalen. Kampanjen gir også tilgang til eit godt nettverk og kompetanse for korleis ein skal oppnå måla. For å delta i kampanjen må vi oppfylle følgjande krav:

1. Tilslutning til prinsippet om klimakrise, Parisavtalen sine mål og felles innsats.

2. Ambisjonsnivå: Sette mål om netto nullutslepp i 2040-åra, seinast 2050, i tråd med global utsleppsbane for å avgrense global oppvarming til 1,5 grader C.

3. Plan: Legge fram klimamål og tiltak for 2030 som speglar av ein rettferdig del av global utsleppsreduksjon på 50% innan 2030.

4. Gjennomføring: Starte gjennomføring av tiltak beinveges, og vise til minst eitt konkret døme på tiltak som vert gjennomført.

5. Rapportering: Forplikte seg til å rapportere årleg framgang, gjennom etablerte plattformar og initiativ.

Med vedtaket om klimamål, anerkjenning av klimakrisa og konkrete planar for gjennomføring, er Kvinnherad kommune stolt over å kunne melde seg inn i denne globale kampanjen.

Kvifor gjer vi dette?

Kvinnherad har ikkje venta på Kode Raud frå FN, vi er allereie godt i gong med konkrete utsleppstiltak, særleg innan elektrifisering av samferdsle, klimasmart jordbruk og skogbruk, samt energieffektivisering av kommunale bygg.  Nokre av dei største kutta kan takast gjennom vår nye storsatsing på Grøn Næringspark Kvinnherad, eit pilotprosjekt i nasjonal samanheng, der vi ynskjer velkomen ny, karbonnøytral industri, som til dømes grøn hydrogen og biogass. Samstundes jobbe fram løysingar for å få ned utslepp frå eksisterande industri. Hydro Husnes produserer allereie verdas grønaste aluminium, og målet på sikt er nullutslepp også der. Med nye krav frå EU og finanssektoren, vert det eit stort konkurransefortrinn å kunne tilby berekraft i alle ledd, frå reguleringsplan til ferdig produkt. Grøn omstilling i næringslivet er sjølvsagt også tema for årets Kvinnherad-konferanse 22. september, som vert skipa i lag med Kvinnherad Næringsservice.

Det andre prosjektet vi vil løfta fram, er konseptet Fjordmetroen, som er eit komplett kollektivsystem på nullutslepp som binder saman Bergensregionen med Sunnhordland og Hardanger. Effektiv, rask og stillegåande reise med korresponderande buss og snøggbåt, utan utslepp. Desse to døma viser også korleis reell satsing på berekraft aukar aktiviteten og attraktiviteten til Kvinnherad-samfunnet.

- Saman med andre ambisiøse byar og kommunar, tek Kvinnherad med dette på seg leiartrøya og visar veg i klimakampen. Vi vil oppmode andre kommunar og regionar til å ta utfordringa på strak arm og slutte seg til Race to Zero, sluttar ordføraren.