Eining for Vatn og Avløp varslar planlagt vedlikehald av leidningsnettet, uventa vass- stengingar og andre drifts forstyrringar via SMS, e-post, og taleoppringing.

Får du ikkje varsling?

Det kan væra fleire årsaker til at du ikkje har motteke varsel:

  • Har du reservert deg for nummervisning? I tilfelle får ikkje systemet vårt tak i nummeret ditt.
  • Har du reservert deg for oppføring i registeret til 1881 vil me ikkje nå deg på SMS
  • Har du jobb-telefon? Dersom du har mobiltelefon som er registrert på arbeidsgivar og ikkje på di heime adressa, vil me ikkje kunna nå deg på SMS.
  • Har du flytta? Dersom du ikkje har meldt flytting til ny adressa, vil me ikkje nå deg.

Varslar me i eit område som du for eksempel har fritidsbustad, men bur ein anna plass, vil du ikkje motta varsel om me varslar i området rundt fritidsbustaden.

I alle desse tilfella kan dette løysast ved at du koplar opp dine kontaktopplysningar med eigedomen/ane du eig. Denne oppføringa er manuell og du må vedlikehalda denne oppføringa sjølv.

Registrer deg her.

Rettleiar for ekstra oppføring finn du her.

For at du skal kunna få viktige brev og påminningar frå stat og kommune tilsendt digitalt, må du væra oppført med e-postadresse og/eller mobilnummer i det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret. Du legg sjølv inn kontaktopplysningane dine i registeret. Det er berre stat og kommune som kan bruka opplysningane du har lagt inn.

Oppdater kontaktinformasjonen din 
Dersom du har logga inn på ei offentleg teneste med for eksempel MinID, har du samstundes registrert kontaktinformasjonen din i kontaktregisteret. Logg inn for å sjekke og oppdatere mobilnummeret og e-postadressa di: https://www.norge.no/nb/oppdater-kontaktinformasjon