Risikofaktorar kan vere registrert fråvær, ein kultur for at det skal lite til for å halde barnet heime, psykiske eller sosiale vanskar, dårleg miljø i gruppa. Vi veit at kombinasjonar av desse ofte fører til auka risiko for høgt fråvær.

Aktuelle tiltak:

  1. Avdekke risikofaktorar. Når ein vaksen kjenner uro for  fråværet i ei gruppe eller ein familie har medarbeidaren ansvar for å varsle leiinga tidleg om fråvær som gjev grunn til uro.
     
  2. Alle barnehagar kartlegg fråvær 2 gonger kvart halvår. Dette vert gjort ved å føre fråværet inn i skjema (vedlegg 5). Den halvårige kartlegginga kan vere eit utgangspunkt for å iverksette selektive tiltak.
     
  3. Leiinga har ansvar for at avdelingane jamleg drøftar urovekkjande fråvær, dette skal gå fram av barnehagen sine møteplanar.
    Tekst i figur: Tverrfagleg samarbeid ved teikn på lågt nærvær.
  4. PPT/ barnehageteamet kan ved behov gi rettleiing til avdelinga om miljøtiltak.
    Familieteam kan bidra med samtalar/ kurs om foreldrerettleiing.
    Helsestasjonen kan ha tettare oppfølging av familiar i risiko.

    Samarbeidsmøte på avdelingsnivå med foreldre og ulike instansar. Ulike tiltak for utprøving i heimane og i barnehagen vert foreslått.