Risikofaktorar kan vere registrert fråvær, ein kultur for at det skal lite til for å halde seg borte frå undervisninga, psykiske eller sosiale vanskar, fagvanskar, dårleg læringsmiljø. Vi veit at kombinasjonar av desse ofte fører til auka risiko for høgt skulefråvær.

Tekst i bilete: Vi er obs på risikofaktorar og drøftar urovekkande fråvær.

Aktuelle tiltak:

  1. Kontaktlærar har ansvar for å varsle leiinga dersom fråværet i einskildfag eller grupper vert høgt.
  2. Avdekke risikofaktorar. Når ein medarbeidar kjenner uro for  fråværet i ei gruppe eller for barn i ein risikobelasta familie har medarbeidaren ansvar for å varsle leiinga tidleg om fråvær som gjev grunn til uro.
  3. Leiinga har ansvar for at trinna/ teama jamleg drøftar urovekkjande fråvær, dette skal gå fram av skulen sine møteplanar.

    Bilete i figur: Fråvær er fast tema i ressursteam
     
  4. Gjennom ressursteam kan skulane ta med PP-tenesta inn i saker når skulen kjenner på ei uro for fråvær i grupper. Tenesta er med i drøfting og rådgjeving på tiltak, og brukar fagkunnskapane om elevane si psykososiale utvikling og læring, og korleis dette påverkar gruppa. Skulane bør ha som fast agenda på ressursteammøte: Uro for fråvær, skulen si registrering, tiltak, kva tiltak som blir prøvd. PPT kan bidra med kompetanse frå liknande saker på andre skular, og kan bidra med rettleiing om tilrettelegging før utfordringane vert for store. Rettleiing kan handle om tiltak på skulen, i gruppa, eller tiltak i samarbeidet mellom heimane og skulen.
  5. PPT kan ved behov gi rettleiing til lærarar/ lærarteam om klasseleiing, miljøtiltak og andre tiltak på systemnivå.
  6. Helsestasjonen kan ha tettare oppfølging av familiar i risiko.