I går ynskte kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik og ordførar Hilde Enstad velkomen til lærlingane for hausten.

Vidare fekk dei informasjon om rutinar og retningsliner, og utlevert opplæringsbøker.
Alle lærlingane i Kvinnherad kommune har eigne rettleiarar ute på arbeidsplassane. Rettleiarane er dyktige fagfolk tilsett i kommunen som kjenner kvardagen lærlingane skal bli ein del av og gjer ein viktig innsats i å forbereda dei på yrkeslivet.

Kvinnherad kommune gler seg over å få med fleire lærlingar i tillegg til dei som allereie er godt i gang, og ynskjer alle lukka til!

Fagoversikt:
Victoria Bellamy, IKT
Vegar Teigen, Barne og ungdomsarbeidar
Victoria Joleik, Helsefagarbeidar
Ann Kristin Eide, Helsefagarbeidar
Amina Eikanger, Helsefagarbeidar
Hedda Mælen, TAF-helsefagarbeidar
Said Kamal Mohammadi, Tømrar, (ikkje til stades)