Me må bevege oss utanfor Sunnhordland for å finne ein viktig grunn til at samarbeidsrådet såg dagens lys. Etablering av oljeraffineri på Mongstad i Nordhordland og Kårstø på Haugalandet viste at, dersom me i Sunnhordland også skal kunne kjempe om store oljeinvesteringar, arbeidsplassar og verdiskaping så nyttar det ikkje å jobbe kvar for seg – då må me samarbeide.
Heilt frå starten av har derfor næringsutvikling, å forbetre rammevilkåra for eksisterande bedrifter og det å skape grobotn for nye, vore viktig for Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
Havbruksnæringa har vore ei næring som har hatt stor merksemd. Behovet for å bygge opp kompetanse i havbruket var ein viktig del av oppgåvene i rådet, og det å fjerne hindringar for utvikling og vekst. I samband med dette blei det utarbeidd ein plan i Sunnhordland for bruk av sjøareal til havbruk. I likskap med så mykje innanfor havbruksnæringa, er også denne arealplanen eit stykke pionerarbeid.
I 1985 vedtok det då unge regionrådet sin eigen samferdselsplan. Innhaldet var framsynt, nærast i overkant ambisiøst, og stilte opp prioriteringane til samarbeidsrådet: Lukksund bru, undersjøisk tunnel til Halsnøy, bruene i Austevoll, tunnel under Folgefonna, Trekantsambandet og Åkrafjordtunnelen.
Det grundige arbeidet, at ein stod på og var tolmodig, gav utteljing. Etterkvart kunne det eine viktige prosjektet etter det andre kvitterast ut som vel gjennomført.
Det er ingen dristig påstand å hevde at Samarbeidsrådet for Sunnhordland har spela ei viktig rolle i ei rekke av dei viktige, samfunnsbyggjande prosjekta som har utvikla regionen vår sidan stiftinga i 1981.
Regionrådet har dessutan alltid tatt opp i seg den same skapartrongen som pregar samfunna det representerer: Når prosjekt er vel gjennomført har ein gått vidare på dei neste, uløyste prosjekta. Det har aldri vore mangel på noko å bale med, og det er det ikkje no heller.
Haldninga til samarbeidsrådet i dag er derfor den same som for 20, 30 og 40 år sidan. Det kjem klart til uttrykk i oppgåvene som er jobba med berre den siste tida: Betre rutetilbod med ferje og snøggbåt, kommunal sjølvråderett i arealsaker, å behalde og auke talet på statlege og fylkeskommunale tenester og arbeidsplassar i regionen – og ikkje minst realisering av E39 Hordfast og viktige utbetringar av E134.
Dette er saker som er viktige for innbyggjarar og bedrifter i dei åtte kommunane våre, Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes, og som bidrar til å styrke konkurransekrafta til regionen, og som derfor har stor nasjonal betyding.
Historia om Samarbeidsrådet for Sunnhordland fortel mykje om kva som har skjedd i regionen vår. Den gir meir enn noko også oppskrifta på korleis lukkast i å løyse oppgåver i framtida.
Av Morten Storebø, styreleiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland og ordførar i Austevoll kommune