Næringssjef Grete Solheim finn mykje å gle seg over i den uoffisielle kåringa av næringsvenlege kommunar. Kvinnherad er med ein 115. plass i den øvre tredelen av resultatlista. På NHO sin femdelte skala frå best til dårlegast er Kvinnherad i gruppa «nest best».
- Vårt næringsliv scorar bra på kriterium som gjer oss robuste i kvardagen som til dømes variasjon, arbeidsledigheit og fagutdanning, noko eg meiner vi har fått bevist gjennom pandemien. «Koronatala» for både permitteringar og langtidsledige er jamt over betre hos oss enn både fylket og landet elles, seier Solheim. Men det er store utfordringar når det gjeld demografi, sysselsettingsgrad i det private, høgare utdanning, aldring og berekraft i den kommunale økonomien.
- Eg trur vi kan gjere mykje med både samarbeid og sjølvtillit på kort sikt, og på lengre sikt bør vi gjere storarbeid med tilrettelegging av næringsareal, kommunikasjonar og arbeidsplassar for dei med høg utdanning, fortset Solheim.
No gler ho seg til Kvinnheradkonferansen 22. september der lokalt næringsliv og andre samfunnsaktørar skal «setje tenna» i den store saka i vår tid – det grøne skiftet.
Kommune-NM: https://www.nho.no/tema/offentlig-sektor-og-naeringslivet/kommune-nm/
Kvinnheradkonferansen: https://www.naeringsservice.no/kvinnheradkonferansen/