Les meir og finn lenkje til rapporten i DSA sin nyheitssak
Kort oppsummering av rapporten
Rapporten viser at regelverket vert etterlevd betre samanlikna med tilsvarande tilsynskampanje for 5 år sidan, og at det var færre avvik hos verksemder som også tidlegare har hatt tilsyn. Men framleis er det mange avvik då 65 prosent av dei kontrollerte solarieverksemdene braut eitt eller fleire av dei fem krava i strålevernforskrifta som vart undersøkt. Unge under 18 år får framleis tilgang til solarium og det vert ikkje informert nok om risikoen ved bruk av solarium. Resultata viser at tilsyn hjelper, men at det også er grunn til å stramma inn regelverket og forvaltningspraksisen knytt til solarium.