Kvinnherad kommune kan gle seg over det store engasjementet hjå innbyggjarane som innhaldet i tabellen viser. Med årets tildeling er endeleg dei siste spelemidlane til Rosendal friidrettsstadion på plass. Både Strand-Ulv og Halsnøy IL har gjennomført store kostnadskrevjande prosjekt. Gledeleg er det også at det er stor ulikskap i dei prosjekta som omsøkjast frå Kvinnherad.
Alt dette hadde likevel ikkje vore mogleg, hadde det ikkje vore for eldsjelene vi er berika med i kommunen. I godt samvirke med andre lokale institusjonar og økonomiske bidragsytarar syt dei stadig for at alle innbyggjarane og besøkande kan nyte godt av engasjementet deira.
Sjå søkjarar og tilrådingar
Ordinære anlegg |
Søkjar |
Tilråding |
Rosendal idrettsanlegg, friidrett |
Kvinnherad kommune |
1 500 000 |
Strand-Ulv-hallen, sandvolleyballhall |
IL Strand-Ulv |
1 000 000 |
Halsnøy idrettslag, klubbhus |
Halsnøy idrettslag |
2 947 000 |
Skarveland skule Erslandsparken kunstgrasbane |
Kvinnherad kommune |
1 500 000 |
Husnes idrettspark, lagerbygg/garasje |
Kvinnherad kommune |
1 000 000 |
Rosendal utandørs ridebane med lys |
Rosendal rideklubb |
672 000 |
Tveitadalen skisenter, lysløype rehabilitering |
Idrettslaget Ternen |
307 000 |
Heio idrettsanlegg, garderobe |
Uskedal idrettslag |
avslag |
Rosendal idrettsanlegg, speakerbu og sanitær |
Rosendal turnlag |
avslag |
Rosendal idrettsanlegg, lagerbygg |
Rosendal turnlag |
avslag |
Hattebergfossen rundt, tursti |
Kvinnherad kommune |
avslag |
Borvika sanitæranlegg |
Kvinnherad kommune |
avslag |
Kvinnherad arena, håndballhall |
Kvinnherad kommune |
avslag |
Kvinnherad arena, klatrevegg |
Kvinnherad kommune |
avslag |
Kvinnherad arena, basishall |
Kvinnherad kommune |
avslag |
Kvinnherad arena, 60 m løpebane |
Kvinnherad kommune |
avslag |
Kvinnherad arena, aktivitetssal |
Kvinnherad kommune |
avslag |
Kvinnherad arena, buldreanlegg |
Kvinnherad kommune |
avslag |
Nærmiljøanlegg |
søkjar |
Tilråding |
Bringedalsbygda skule ballbinge |
Kvinnherad kommune |
118 000 |
Rosendal idretts- og fritidspark, lysanlegg |
Rosendal idretts- og fritidspark |
avslag |
I tabellen er det ei rekkje søknadar som har fått «avslag». Det kunne likegodt stått «utsett». Ein spelemiddelsøknad på ordinære anlegg ligg gjerne inne i 3-4 år før han får tildeling. Ein av årsakane til at Kvinnherad kjem ekstra godt ut av det i år, er det store søknadsvolumet som ligg inne herifrå no, mellom anna spelemiddelsøknadane på Kvinnherad arena (vel 30 millionar)
Det kan difor vere gunstig å ligge inne med ein spelemiddelsøknad no dei neste to åra, spesielt på nærmiljøanlegg.
Samstundes registrerer kommunen at talet på søknadar på nærmiljøanlegg er synkande. Denne ordninga er særleg gunstig for dei små anlegga. Her er det høgare prioritet på tildeling, og inntil 50 % finansiering. I Kvinnherad er det fleire gode døme på nærmiljøanlegg; til dømes «apejungelen» i Rosendal, finansiert opp mellom anna av 4-5 spelemiddelsøknadar; ballbingen, skatepark, og sjølve apejungelen. No dei siste to åra er det attpåtil omsøkt spelemidlar til rehabilitering av ballbingen og nytt lysanlegg.
Når ein søkjer spelemidlar, blir rekneskapen også grunnlag for å søkje særskild ordning på momsrefusjon idrettsanlegg. Dei siste to åra har det vore 100 % refusjon på dei som søkte frå Kvinnherad.
Alle som har vore i ein slik søknadsprosess, veit at det stillast strenge krav. Samstundes er dette eit kvalitetsstempel; dei anlegga som blir finansiert over spelemiddelordninga har vore gjennom ei grundig vurdering, både hjå dei frivillige, konsulentar, entreprenørar og myndigheter. Midlane skal nyttast til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet, også med omsyn til mellom anna medverknad, behovsvurdering og universell utforming.
Frå Vestland fylkeskommune si heimeside
Spelemidlane er overskot frå Norsk Tipping, og blir fordelt etter ein lengre søknadsprosess. Det er fylkeskommunen som forvaltar og tildeler spelemidlane.
Ventetida for å få spelemidlar har auka dei siste åra. Når ikkje summen fylket får frå Kulturdepartementet dekkjer ein større del av søknadane, blir etterslepet stort. Slik det er no må søkjarar vente i gjennomsnitt 4,7 år før dei får pengar til ordinære anlegg. For nærmiljøanlegg er ventetida i gjennomsnitt 2,3 år.
Hovudutvalet vedtok difor å sende ei uttale til Kulturdepartementet om utfordringane i spelemiddelordninga.
– Spelemiddelordninga er komplisert og har ei rekke utfordringar, blant anna den lange ventetida. No må fleire lag og organisasjonar å betale store summar i renteutgifter fordi dei forskutterar spelemidlane gjennom lån. Vi ønskjer å redusere ventetida, og sørgje for at kommunar, idrettslag og andre i fylket raskare får pengar til å realisere anlegga sine og for å redusere kostnadane, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.