Årsaka ligg i den store søknadsmassen Kvinnherad har liggande inne til behandling. For dei ordinære anlegga, kan organisasjonane søkje om inntil ein tredel av totalkostnadane. For 2022 er det i hovudutvalet vedteken slik tildeling:
- I Herøysund kan dei gle seg over 267 000 til kajakknaust.
- På Hatlestrand er mykje av økonomien sikra med ein heil million til Hatlestrandløypo.
- For Kvinnheringane er dagsturhytta ved Nautavatnet tildelt 660 000.
- Rosendal rideklubb på si side har hatt søknad inne sidan 2018, og får siste rest av søknaden tildelt no, med kr 503 000.
- Stiprosjektet rundt Hattebergfossen er sikra kr 750 000, som er eit samarbeidsprosjekt mellom mange aktørar.
- Til glede for mange er det tildelt 168 000 til sanitærbygg i Borvika
For nærmiljøanlegga kan det søkjast om inntil halvparten av totalkostnadane:
- Nytt lysanlegg til den såkalla «apejungelen» i Rosendal drar ut halvparten av sine estimerte kostnadar med kr 135 000.
- Halsnøy IL frydar seg over 390 000 til minikunstgrasbane.
Til saman gjev dette ei tildeling på kr 3 873 000 til Kvinnherad i 2022. Søknadsmassen frå Kvinnherad er på over 46 millionar, der Kvinnherad Arena utgjer nesten 30 millionar åleine.
Det er dessverre slik at ei rekkje anlegg framleis står med 0,- kr i tildeling. Dette er anlegg som prioriterast lågare enn nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv. Kvinnherad kommune har likevel ei løysing for dei av søkjarane som finn det ugreitt å gå og vente på spelemidlar. Kommunestyret vedtok i desember 2021 å opprette eit fond for forskotering av spelemidlar. Dei som ønskjer å nytte seg av ordninga, tek kontakt med kulturkontoret på rådhuset for rettleiing.
Vi ønskjer alle søkjarar lukke til i sine utbyggingsprosjekt, og tek gjerne i mot fleire spelemiddelsøknadar både innan idrett, kultur og friluftsliv!