Kvinnherad kommune må som resten av omverda redusera energibruken. Døme på tiltak er jamt lågare innetemperatur og å skru av lyset når ein forlèt eit rom.

Energi og energibruk i Noreg og i Europa har det siste året vore tema i svært mange samanhengar. Ein opplev i dag straumprisar som ein tidlegare aldri har sett. Det er òg ei kjensgjerning at tilgang på energi er ein ressurs som det ikkje er uavgrensa tilgang til.

Sjølv om Kvinnherad kommune nyttar konsesjonskraft til eige forbruk så er det viktig å ta ansvar og leggja til rette for å redusera energibruken. Ein lyt leggja opp til å endra vanar og haldningar til både romtemperatur, temperatur i bassenga, belysning og ventilasjon. Energi er ein knapp ressurs og vi må ta eit felles ansvar for sparing.

Dette betyr i korte trekk at det no vert ein gjennomgang av forbruk i alle kommunale bygg og anlegg og det blir vurdert sparetiltak, både på kort og på lang sikt.

Tiltak på lang sikt vil som regel krevja investeringar, og dette vil verta omhandla i komande økonomiplan.

Ragnhild Bjerkvik.jpg