I 2018 blei Kvinnherad kommune godkjent som trafikksikker kommune. Godkjenninga var gjeldande for dei neste fire åra, og difor har sektorane arbeida med regodkjenning gjennom vinteren og våren 2021.
Knut Olav Nestås, Anders Havdal og Audun Heggestad møtte frå Trygg Trafikk og gjekk gjennom erfaringar og status saman med frammøtte frå dei ulike sektorane. Havdal trekte Kvinnherad sin kommunedelplan for trafikktrygging som ein av dei betre.
Frå kommunen møtte ordførar, kommunedirektør og leiargruppa, styrar i Myrane barnehage, kommuneoverlege, hovudverneombod og folkehelsekoordinator og kontakperson for trafikksikkerkommune, Kristian Helgesen.
Anders Havdal (f.v.), Knut Olav Nestås og Audun Heggestad møtte frå Trygg Trafikk.
Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik, ordførar Hans Inge Myrvold, sektorleiar for Oppvekst Anne Sofie Bjelland Kjeka fekk utdelt nye skilt frå Knut Olav Nestås, regionleiar i Trygg Trafikk.