Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Ras i Bondhusdalen

Publisert , Oppdatert 06. juli 2022

 

Oppdatert 06.07.2022: Geologar har vore på staden. Dei vurderer at det ikkje er knytt ytterlegare skredfare til raset som gjekk 24. juni. Kommunen har rådd politiet til å oppheve sperringa.

Det er bratt terreng på staden og dei som ferdast i området må ta omsyn til det, til dømes ved å unngå overnatting eller lengre opphald under bratte parti. Bondhusdalen er mykje besøkt av tilreisande, så kommunen vil saman med det lokale grunneigarlaget og nasjonalparkforvaltninga vurdere informasjonstiltak knytt til rasfare og andre aktuelle omsyn i området.

--- o 0 o ---

Oppdatert 28.06.2022: Etter råd frå NVE har Kvinnherad kommune bedt om skredfagleg bistand frå kompetent firma. Det er tinga geologar frå firmaet Norconsult som vil synfare staden og vurdere faren for nye skred i området. Av ulike grunnar kan dette truleg gjerast først neste veke (veke 27).

- o0o -

Kommunen har rådd politiet til å la sperringane stå inntil skredfagleg vurdering er gjennomført.

 

Fredag kveld gjekk eit ras i Bondhusdalen. Det er eit stort ras som har gått over stien som går langs med Bondhusvatnet. Raset har teke med seg store steinblokker som har havna i vatnet og på stien. Raset er om lag 150 m breitt.

Det er ikkje meldt om sakna personar i området og det er ingen indikasjon på at nokon er tekne av raset. Det er mogleg å gå opp til Bondhusvatnet, men ikkje inn på stien som går på høgresida av vatnet. Det er i dette området raset har gått.

Politiet har sett opp sperreband for at ingen skal gå inn i rasområdet. Det vert også skilta ved parkeringa nede i Sundal om at området er sperra. 

Statens Vegvesen skiltar ved hovudvegen. Geolog er varsla, men vil nok ikkje kunna koma på plassen før etter helga.