Kvinnherad kommune vil gjennomføre planlagde investeringar så langt det er mogleg.
Fleire prosjekt vil bli gjennomførte i løpet av kort tid. Det største er Krokaparsellen til ein verdi av kr 500 mill. som vil bli starta opp tidleg i 2021.
Liste over andre prosjekt som ikkje ligg i «Kvinnheradpakken» kan de finna i slutten av meldinga.
Brannstasjon på Husnes er eit stort prosjekt som blir sett i gong i desse dagar.
-
Politikarar vil få hyppig oppdatering frå næringssjef/KNS om tiltak som er iverksett og oppdatering på behov frå næringslivet utanom det dei sjølv fangar opp
-
Det er arrangert og vil bli arrangert fleire nettmøte med næringslivet i Kvinnherad
-
Administrasjonen jobbar med å framskunde oppstart av byggeklare prosjekt og jobbar med å gjere flest mogleg prosjekt byggeklare
-
Omstillingsarbeidet vert styrka, vi vurderer medlemskap i næringsklynger for omstilling som NCE Maritim Clean Tech. Arbeidet i næringsorganisasjonar der vi er medlem som Atheno, Kvinnherad Næringsservice, Næringsalliansen m. fleire vert intensivert.
Vi vil sende søknad på fleire tilskotsordningar bl.a. innan grøn næring til Vestland fylkeskommune.
-
Smidige ordningar slik at bedrifter kan legge om til nye driftskonsept, frå servering til catering, frå handel i butikk til heimlevering.
-
Gjennom vårt studiesenter på Husnes ønskjer vi å tilby permitterte arbeidarar omskulering og vidareutdanning. Dette vil bli gjort i samband med NAV, Kvinnherad Vidaregåande, Sparebank1 stiftinga Kvinnherad, tillitsvalde og fylkeskommunen. Regjeringa har auka støtta til kompetanseheving og bedriftsintern opplæring i bedrifter. Kvinherad kommune vil saman med KNS følgje opp søkjarar til aktuelle ordningar.
Vi ønskjer å styrke studietilbodet med kurs innan digitalisering, grønt skifte, innovasjon og omstilling. Kom gjerne med innspel.
-
Det blir vurdert å tilsetje fleire på byggesak for å auke kapasiteten opp mot næringsliv og privatpersonar.
-
Kommunen saman med KNS jobbar med eit marknadsføringsopplegg der ein vil oppmuntre til å handle lokalt.
-
Informasjon knytt til tiltakspakkar er å finna på kommunen sine heimesider, samla og strukturert slik at det skal vere enkelt å finne fram. Kontakt oss gjerne for spørsmål om dette.
-
Det er oppretta ei eiga FB side «Kvinnherad kommune næringsside»
-
Kommunen vil gjennomføre politiske møter som planlagt for å sørge for at viktige avgjerder ikkje stoppar opp som t.d. godkjenning av reguleringsplanar og byggesaker.
Oversikt over status/mogleg framdrift:
I tillegg kjem generelle vedlikehaldsoppdrag for ulike fag på kr 25 mill.
Kontaktinformasjon:
Kontakt
Ordførar: Hans Inge Myrvold mobil: 480 25 277
Næringssjef: Grete Solheim: 991 53 785
Koordinator KNS: Kristine Røyrvik: 954 94 733