Den siste veka er det registrert ni nye smittetilfelle i Kvinnherad kommune. Det er no 95 nærkontaktar i karantene, og om lag like mange i ventekarantene. Tida framover blir avgjerande for kor vidt vi kan halda oss på det restriksjonsnivået vi har no, eller om vi må innføra strengare lokale tiltak. Det er svært viktig at folk i tida framover tenkjer over kven dei gjer til sine nærkontaktar, og at vi har så få nærkontaktar som mogleg.
Meir alvorleg situasjon no enn før påske. Stort smittetrykk også i nærliggande kommunar som til dømes Kvam. Det er mykje ungdom involvert.
Rosendalstunet har også fått påvist smittetilfelle hjå ein tilsett. Alle tiltak er sett i verk, og alle pårørande og tilsette er informert. Avdelinga det gjeld er skjerma, det er kontroll på smitten, og 10 nærkontaktar er sett i karantene. Situasjonen er godt handtert, og all æra til alle tilsette på Rosendalstunet. Smitte på institusjon er ein situasjon vi er rigga for å handtera. Vedkomande som er smitta har fått første dose med vaksine.
I samband med siste smittetilfelle: var du på Peppes pizza laurdag mellom klokka 12 og 17 og har symptom, så test deg.
Politiet ser at større ungdomsgrupper samlar seg og at ein har fleire nærkontaktar enn det som er oppmoda om på nasjonalt hald. Mange er sjølvsagt flinke å halda seg til sin kohort, men ein treng at alle set inn ekstra innsats for å slå ned smitten no. Ungdommane har eit større nettverk enn dei fleste vaksne. Alle må tenkja godt over kven ein gjer til nærkontaktar.