Dei nasjonale tiltaka kan du lesa om her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/innforer-flere-nasjonale-smitteverntiltak/id2826466/
I Kvinnherad er det ikkje meldt om nye smittetilfelle sidan før jul, difor er det i hovudsak dei nasjonale reglane og råda som gjeld:
- Det er innført raudt nivå for ungdomsskule, vidaregåande, vaksenopplæring og folkehøgskule
- Det er innført skjenkjeforbod
- Det er tilrådd å unngå private besøk og avgrensa all sosial kontakt. Når det gjeld private besøk av vener og familie på institusjonar, omsorgsbustadar og bufellesskap, vert det sterkt oppmoda om å utsetja desse dei neste 14 dagane. Unntak for naudsynte heimetenester og hos personar som er inne i livets siste fase
- Det er tilrådd å unngå alle unødvendige reiser i inn- og utland. Hytteopphald med personar frå same husstand er ok
- Alle som har moglegheit vert tilrådd å ha heimekontor
Desse nasjonale tiltaka får konsekvensar lokalt desse to vekene:
- Kvinnherad kultursenter avlyser alle kinoførestillingar og andre arrangement
- Ungdomsklubben held stengt
- Helsetenester med vedtak har ope for éin til éin-tenester, ikkje gruppetimar. Det vert òg konsekvensar for andre kommunale tenester, som t.d. kulturskulen og møteplassen.
- Det vert tilrådd å utsetja alle organiserte innandørs fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar. Dette gjeld også for aktivitetar som samlar born og unge på tvers av klassar/kohortar. Som ein konsekvens av dette vert idrettshallane og bassenga (inkludert varmebassenget) i Kvinnherad stengde for anna enn skulane sin bruk
- Oppmodar om bruk av munnbind på offentleg transport og i butikkar og i situasjonar der det ikkje er mogleg å halda meir enn ein meters avstand. Dette gjeld også på skulebussar, men ikkje for born i barneskulealder
Testkapasiteten i Kvinnherad er god, og det er rom for at den kan aukast ved behov. Dersom ein kjenner på symptom så oppmodar kommunen om at ein testar seg. Det skal vera låg terskel for testing.
Arbeidet med planlegging av vaksine er i gang og det vil bli lagt ut eigen informasjon om dette.
Kommuneoverlege, leiande helsesjukepleiar og leiargruppa har jamlege møter og følgjer situasjonen tett.