Det er påvist to nye smittetilfelle i Kvinnherad, og vi er no oppe i tre stykk totalt i dag. Dette er mest sannsynleg den britiske varianten. Smittevegen er uavklart, men vi har nokre hypoteser som vi jobbar utifrå. Myrane barnehage har stengt ei avdeling og Vitusapotek Kvinnherad på Kvadraten er også stengt i samband med dette. Var du innom Vitusapotek Kvinnherad laurdag 13.03, måndag 15.03 eller tysdag 14.03 og kjenner på symptom - så test deg. Var du på Kafè Samspel måndag 15.03 og kjenner på symptom - så test deg.
Generelt: har du symptom - ver heime, og test deg. Hugs god hoste- og nysehygiene. Det vert sterkt oppmoda om å halda avstand - to meter - og bruk munnbind dersom dette ikkje er mogleg. Avgrens all sosial kontakt.
Sterk oppmoding til ungdomen vår: den britiske varianten spreier seg fort, og råkar ungdom og unge meir. Følg smittevernreglane, bruk fornuft og ver tolmodige.
Teststasjonen vil halda ekstra ope på søndag. Du kan ringa koronatelefonen på tlf 90 86 01 66 klokka 10 - 11.30.
Forskrifta gjeld frå 20.03.21 kl.00.00 og fram til 25.03.21 kl.24.00. Bakgrunnen for innføring av lokal forskrift er nyoppstått covid-19-smitte med ukjent smittevei. Dersom det blir naudsynt med forlenging skal dette avgjerast av kommunestyret 25.03.21
Her kan du lesa forskrifta i sin heilheilt: Mellombels forskrift om førebygging av koronasmitte, Kvinnherad kommune