Ein ny virusvariant brer om seg i andre deler av landet vårt. I Kvinnherad er smittetrykket framleis lavt, og me følgjer dei nasjonale føringane for smittevern. Det er svært viktig at me fortset det gode arbeidet, og ikkje slepp opp. Kommunen følgjer dei nasjonale tiltaka: Oversikt over nasjonale tiltak
Ranghild Bjerkvik ynskte velkomen
- Det er ikkje noko dramatisk utvikling for Kvinnherad, men det kan vera greitt å oppdatera så langt i og med at det endrar seg på landsbasis. Situasjonen på austlandet viser at pandemien på ingen måte er over, sa Bjerkvik.
Kommuneoverlege Glenn A. Opland sa litt om smittestatus i Kvinnherad
- Det er ikkje mykje nytt her i kommunen. Totalt ni smitta etter jul. Per no er det éin person i isolasjon og fire i karantene. Totalt sett har det vore 44 smitta i kommunen, og om lag 360 i karantene sidan pandemien starta. Vi må vera førebudd på at dette muterte viruset kan spre seg. Det er òg litt forseinkingar i prøvesvara på denne nye varianten. Så vær ekstra obs på dette med smittevern. Ikkje bevega seg meir enn ein må utanfor kommunegrensene. Og test deg om du kjenner på symptom. Dette er viktig for å oppdaga smitten raskt og få starta smittesporing, oppmoda Glenn.
Opland sa også litt omvaksinering.
- Vi har vaksinert om lag 150 personar i kommunen. Startar og snart med dose nummer to for dei som allereie har fått første dose, så då er vi straks i gang med fullvaksinering. Dei over 65 år får telefon for å avtala tid og stad for vaksinering. Håpar på å få vaksinert alle vaksne i kommunen innan sommaren, sa Opland.
Opland minna òg på at dette med generelt smittevern er utruleg viktig.
Kommunedirektør Bjerkvik understrekte kor viktig det er å ivareta barn og unge, og andre svake i denne tida. Det er viktig at dei får leva så normalt som mogleg. Ho understrekte også viktigheita av å hugsa på smittevern, og at ein skal ha låg terskel for å testa seg.
- Har du vore på reise i Oslo-regionen så test deg, oppmoda Bjerkvik.
Kommunen oppmodar alle sterkt om å koronatesta seg dersom ein kjenner på det minste av symptom. Hald fram med å vera flinke på smittevern med hand- og hostehygiene, samt avstand og avgrensa sosial kontakt.