Samfunnsutviklinga og utfordringsbildet lokalt og globalt gjer at vi må løysa oppgåvene våre på nye måtar. Kvinnherad kommune skal vera ein god kommune å bu og leva i, besøkja og driva næring i – også i framtida.
- Forslag til økonomiplan 2023-2026 og budsjett/handlingsprogram 2023 ber preg av konsolidering. Vi opprettheld tenestetilbod til innbyggjarane, samstundes som drift og investeringar vert gjennomgått og rigga for å møta åra som kjem. Vi tek dei små stega mot dei store endringane, innleia kommunedirektøren.
Kommuneplanen sin samfunnsdel som utgangspunkt
Kommuneplanen sin samfunnsdel vart vedteken av kommunestyret våren 2022 og er lagt til grunn i dette forslaget til økonomiplanen.
- Det er ei klar målsetting at kommuneplanen sin samfunnsdel er utgangspunkt for vidare planarbeid i Kvinnherad kommune, anten dette er kommunedelplanar, temaplanar eller anna type strategidokument. Mål og delmål skal hengja saman, og for å gjera vurderingar undervegs skal det tilstrebast å ha indikatorar som kan sei om ein er på rett veg, orienterte Bjerkvik.
Med perspektiva Grøn – frisk – Attraktiv – skal Kvinnherad kommune bevega seg mot 2050.
- Verda er i stadig endring og vi ser at krig i Europa påverkar oss i kvardagen. Auke i energiprisar, auke i rente er sentrale element som påverkar næringsliv og privathushaldningar og økonomien til Kvinnherad kommune. Ein bør rigga økonomien slik at ein leverer eit godt tenestetilbod mest mogleg utan finansiering frå ekstraordinære inntekter. Det er krevjande om ein kjem i ein situasjon der nivå på tenesteleveransar må justerast opp eller ned utifrå svingingar i konsesjonskraftinntekter og havbruksfond, sa kommunedirektøren.
Budsjett 2023 Handlings- og økonomiplan 2023-2026
Opptak av kommunedirektør og økonomisjef sin presentasjon: https://kvinnherad.kommunetv.no/archive/85
Vidare prosess for Budsjett 2023 Handlings- og økonomiplan 2023-2026 ser slik ut:
- 25. og 26. oktober: Budsjettsamling formannskapet, kommunedirektøren si leiargruppe og hovudtillitsvalte
- 10. november: Handsaming i formannskapet
- 24. november: Handsaming i kommunestyret