Ny vurdering knytt til avvikling av politiske møter vert gjort i slutten av veke 47.

Bakgrunn for ordførars avgjerd er at Kvinnherad kommunestyre har handsama eit nytt tilleggspunkt i politisk reglement - Reglement for dei politiske organa i Kvinnherad kommune 2019-2023. Dette nye punktet har følgande ordlyd:

«19. Fjernmøte
Folkevalde organ i Kvinnherad kommune kan i særskilde tilfelle halda møta sine som fjernmøter med heimel i kommunelova § 11-7.
Avgjerda om å halda eit møte som fjernmøte skal takast av ordførar i samråd med utvalsleiar og kommunedirektør».

Dette vedtaket vart handsama av Kvinnherad kommunestyre i dag, tysdag 10. november, med skriftleg handsaming som hastesak etter Kommunelova § 11-8.

Alle møter vil bli kringkasta via Kommune-TV, slik at ålmenta har tilgang på, og kan fylgje med på behandling av alle saker i denne perioden.

Det vert ikkje gjort opptak.