Frå før er det kjent at hyttebuarar ikkje kan overnatte og bu i fritidsbustadane sine. Her har nasjonale styresmakter innført forbod. Statsministeren var den 12. mars tydeleg på at feriereiser no ikkje harmoniserer med å delta i den store dugnaden. Feriereiser med bubil, campignvogn eller båt vil såleis være eit brot på dette. Difor vil me be deg som vurderer, eller tenkjer at påskehøgtida skal nyttast til feriereise, om ikkje å gjennomføre dette.

Kvinnherad kommune arbeider systematisk og iherdig med å ivareta liv og helse for alle innbyggjarane våre. For å lukkast med dette, treng me di hjelp. Og ja, me skriv dette for at din sikkerhet og skal ivaretakast! Når kvardagen er attende, pandemisituasjonen er oversiktleg og under kontroll, kan ein legga ut på fritidsreiser igjen. Og då vil me på det sterkaste oppmoda deg om å koma til oss. Me skal då legga til rette for at opphaldet blir godt. Men akkurat no treng me di hjelp for å ivareta liv og helse.

Difor sender me deg desse påskevettreglane:
- Ikkje reis på hytta!
- Ikkje reis på fritidsreiser, som omfattar overnatting utanfor heimen din! Dette gjeld t.d bubil og båt.
- Hald kontakt med familie og vener over telefon og internett!
- Hus og hage set stor pris på ekstra omtanke og pleie i denne tida!
- Unn deg noko ekstra godt i påska, men vern om dine favoritter!
- Hugs avstand, vask- og hygienetiltak!

Dette blir ei annleis og spesiell påskehøgtid for oss alle. Me ser fram til at du vil legga fritidsreisa di til vår kommune, ved fyrste anledning. Og me skal prøva gjera vårt for at det ikkje blir lenge til. Dette tatt i betraktning, vil me av heile vårt hjarte ynskje deg god påske!

Beste helsing
Hans Inge Myrvold
Ordførar Kvinnherad kommune