I samband med oppgjer etter kontrakt så er det uvanleg at slike forhold vert innlemma i eit sluttoppgjer, og Kvinnherad kommune kan ikkje forholda seg til slike truslar som del av eit sluttoppgjer.

Den fremste oppgåva til Kvinnherad kommune er å ivareta sikkerheit og beredskap for innbyggjarane våre, og ut i frå dette vart ulike tiltak knytt til beredskap gjort. I tillegg vart politiet varsla om at hendinga kunne skje.

Det viste seg at forholdet som det vart hevde skulle skje, faktisk skjedde. Vatnet vart stengt torsdag ettermiddag. Kommunen sine tiltak vart straks satt inn og hendinga fekk ingen praktisk betydning for innbyggjarane. Politiet vart orientert, dei sende ein patrulje til staden, for å fastslå stad og sikre dette ved foto, ift evt. seinare anmeldelse frå kommunen. Politiet har og notert aktuelle vitne til observasjonar i den aktuelle tidsperioden. Politiet tar ikkje standpunkt i en sivil tviste-sak som dette. Politiet er slik kjent med både konflikten og kva virkemiddel som er teke i bruk. Politiet vil ikkje foreta seg noko utan at handlingane rammar samfunnskritiske funksjonar, store verdiar, eller det som ligg til ei etterforsking basert på ein formell anmeldelse.

Kvinnherad kommune ser alvorleg på hendinga, vanntilførsel er viktig både for å ivareta liv, helse, brannberedskap m.v. Kvinnherad kommune vil vurdere hendinga og adekvate tiltak forløpande.

 

Hans Inge Myrvold                                                         Ragnhild Bjerkvik

Ordførar                                                                             Kommunedirektør