Kvinnherad formannskap vedtok 10.10.2019, sak 2019/61, at framlegg til planprogram for kommunedelplan for vassforsyning og avløp 2020-2027 vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

Oppstart av planarbeid, kommunedelplan for vassforsyning og avløp 2020-2027, med forslag til planprogram, vert med dette sendt dykk på høyring og offentleg ettersyn, jamfør Plan- og bygningslova §§ 5-2 og 11-13.

Frist for uttale er 20.12.2019.

Om planarbeidet

Kvinnherad kommune sin planstrategi seier at Kvinnherad kommune skal rullere kommunedelplan for drikkevassforsyning og avløp. Gjeldande kommunedelplan for vassforsyning og avløp 2013-2024 vart vedteke i 2013.

Føremålet til planen er å sikra at alle i Kvinnherad kommune til ei kvar tid har tilgang til nok vatn med godkjent drikkevasskvalitet. Transport og reinsing av avløpsvatn skal vere i samsvar med norsk regelverk og NS-standard, og skal elles skje på ein slik måte at forureiningane ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skadar naturen sin evne til produksjon og sjølvfornying.

Planprogrammet skal:

Skildre planprosessen med rammer, føringar og tidsfristar, samt vise opplegg for medverknad.

Planen skal:

Innan vassforsyning vil hovudfokus vera på å gjera tiltak for nok leveringskapasitet og sikker distribusjon til innbyggjarane, beredskapstiltak som reserve- og krisevasskjelder og avslutta bygging av godkjente vassbehandlingsanlegg. Planen skal og ha oversikt over private vassverk i kommunen og eventuelle tiltak der kommunen er/vert involvert.

På avløpsområdet vert fokuset å avslutta saneringa av eksisterande ureinsa kommunale utslepp med bygging av godkjende reinseanlegg.

Eventuelle innspel til planarbeidet eller merknadar til planprogrammet til planprogrammet, skal sendast som e-post til post@kvinnnherad.kommune.no eller som brev til:

Kvinnherad kommune
Rosendalsvegen 10
5470 ROSENDAL
 

Planprogram på høyring

Vedtak