Kvinnherad formannskap vedtok i møte 7.2.2019, sak 2019/6, at framlegg til planprogram for kommunedelplan for næring vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Oppstart av planarbeid for Kommunedelplan for næringsutvikling, med forslag til planprogram vert difor kunngjort og lagt på offentleg ettersyn her, jf. Plan og bygningslova §§ 5-2 og 11-13.

Frist for innspel eller merknad er 10.5.19

Om planarbeidet
Kommunen sin planstrategi seier at Kvinnherad kommune skal ha ein næringsplan. Dette i ei tid kor kommunen si rolle som næringsutviklar har blitt stadig meir kompleks, og skiljet mellom næringsutvikling og anna samfunnsutvikling har blitt mindre. Prognosar viser nedgang i folketalet i Kvinnherad og det vil bli ein auke av eldre. Det gjev utfordringar med å få tak i arbeidskraft og rett kompetanse.  Planen vil mellom anna handla om korleis ein skal jobba med næringsutvikling i kommunen, og ein kan tenkje seg grøn satsing som til dømes grøn næringspark, tilrettelegging for Smart City-tankegong, og ein tett link til Kvinnherad 2050.

Kvinnherad kommune ynskjer å vera ein drivar for at Kvinnherad vert ein attraktiv stad å bu og jobbe i framtida.

Det er behov for å målrette og koordinere innsatsen for næringsutvikling innan:

  • Kommunikasjonar/mobilitet
  • Kompetanse/rekruttering
  • Omdømebygging/marknadsføring
  • Den grøne skiftet
  • Næringsareal
  • Etablerer- og utviklingsbistand
  • Næringsfond
  • Organisering av næringsarbeidet

Planprogrammet skal:
Skildre planprosessen med rammer, føringar og tidsfristar, samt vise opplegg for medverknad.

Planen skal:

  • Gje retning for Kvinnherad kommune og andre lokale aktørar for fremjing av innovasjon og næringsutvikling i kommunen.
  • Vise kva utfordringar som er særskild viktige for Kvinnherad og viktige strategiar for å nå desse måla.
  • Gje prioriteringsgrunnlag for kommunen sitt arbeid for ta vare på eksisterande arbeidsplassar, skape nye og  å gjere kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide i.
  • Planen vil gje kommunen tydelege målsettingar og verktøy for strategisk styring av næringsutviklinga i Kvinnherad.


Sjå vedlegg for meir informasjon:
Særutskrift.pdf
Planprogram.pdf
 

Eventuelle innspel til planarbeidet eller merknadar til planprogrammet, skal sendast som e-post til post@kvinnherad.kommune.no eller som brev til:

Kvinnherad kommune
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal