Dette betyr at det er lov å tenna eld eller grilla på kommunen sine tilrettelagde bål- og grillplassar igjen. Det er også lov å tenna sanktansbål.
Kvinnherad brann og redning frårår likevel på det sterkaste å brenna bål eller grilla dersom ein ikkje kan garantera for brannsikkerheita.

Regnet har dempa brannfaren
Nedbørsmengda som har kome dei siste dagane har dempa brannfaren i dei øvre laga i terrenget. Lenger nede i jordsmonnet er det framleis tørt. Ifølgje vêrvarselet kan det igjen koma gult farevarsel, men det er ikkje nok til å oppretthalda totalforbod. Det er varsla meir nedbør neste veke.

Sanktansbål
Ein kan tenna sankthansbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale. Følg desse råda for trygg bålbrenning:

  • Ta omsyn til brannfare og vindforhold
  • Dersom du ikkje eig grunne sjølv, hugs å skaffa tillating frå grunneigar til å brenna bål
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvar for brannsikkerheita
  • Bålet må vera i god avstand frå bygningar og vegetasjon
  • Ikkje tenn eld på svaberg eller bart fjell då dette gjev varige skadar på berget
  • Bålet skal byggjast av reine treprodukt. Det er forbode å brenna plast, bygningsmateriale og bos
  • Bålet må ikkje vera større enn at du har kontroll på det, og kan sløkkja det ved behov
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet
  • Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning
  • Ha rikeleg med sløkkjevatn lett tilgjengeleg
  • Ein edru, ansvarleg vaksen skal sørgja for at bålet vert sløkt heilt før de forlèt staden

Det generelle bålforbodet gjeld framleis
Det generelle bålforbodet i eller i nærleiken av skog og anna utmark i perioden 15. april til 15. september gjeld framleis. Det inneber bruk av alle typar grillar, stormkjøken, bål, eingongsgrillar og bålpanner, for å nemna noko. Alle pliktar dessutan til å visa aktsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.