For å kunna gje eit tilbod til alle over 65 år vil vi ha to dagar i Rosendal samfunnshus og to dagar i Husnes kulturhus der folk kan møta opp (drop in).
Stad |
Dag og dato |
Tidspunkt |
Samfunnshuset i Rosendal |
Torsdag 15. september 2022 |
10.00 -15.00 |
Husnes Kulturhus |
Torsdag 22.september 2022 |
11.00 -19.00 |
Husnes kulturhus |
Onsdag 28. september 2022 |
11.00 -19.00 |
Samfunnshuset i Rosendal |
Tysdag 4. oktober 2022 |
12.00 -19.00 |
Apoteka på Husnes kjem framleis til å ha timar for vaksinering.
Folkehelseinstituttet seier at dersom ein nyleg har hatt korona (Omikron), bør det gå minst 3 veker etter at du er frisk til du tek oppfriskningsdosen.
Folkehelseinstituttet vil i løpet av kort tid vurdera behov for oppfriskningsdose og koma med informasjon om tidspunkt for oppstart av vaksinasjon til personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp.