Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Oppdatert informasjon frå den tragiske hendinga på Varaldsøy

Publisert , Oppdatert 23. april 2021

Kommunen si psykososiale støttegruppe har saman med innsatsleiar frå politiet og ordførar, i føremiddag vore til stades på beredskapssenteret som er opna på Varaldsøy. Dei frammøtte fekk orientering frå politiet om deira arbeid, og dei som ynskte det fekk samtalar med den psykososiale støttegruppa både i grupper og enkeltvis.

Den psykososiale gruppa har no avslutta arbeidet lokalt, men opnar opp for at dersom nokon ynskjer oppfølgjing kan ta kontakt direkte med gruppa.
Kontaktinfo: Mobil 91386185 eller 94621053.

Politet ynskjer også å formidla at dersom det er nokon som kan ha informasjon å dela omkring denne tragiske hendinga, må dei ta kontakt med politiet sin telefon 02800.